Sindre sin blogg …byggeblogg framover

14apr/097

Vår første vaskemaskin

Leiligheita er i boks, men ny som ho er kjem ho med nokre "manglar". Kvitvarer for eksempel, alt manglar. Men heldigvis har me god tid til og handle dette, noko som gjer at ein har større sjanse til å plukke om nokre gode tilbod.upo_wf3504_rgb

Allereie i dag håpar eg at me kom over eit godt tilbod, me har i vertfall kjøpt oss ei ny vaskemaskin. Elkjøp hadde i dag ei UPO WF5004 vaskemaskin som sitt dagstilbud, om nokre av dykk er på jakt etter ei er ho framleis tilgjengleg til 1 995,- i nettbutikken deira.

Eg er klar over at dette truleg ikkje er verdas beste vaskemaskin, men eg er rimleg sikker på at ho vil gjere nytta. Håpar eg ikkje tek feil..

Då står komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin for tur neste... Me tek sjølvsagt mot donasjonar i form av peng.