Sindre sin blogg …byggeblogg framover

18jan/114

«Sterk» frå Trappekompaniet

Har framleis ikkje klart å bestemme oss for tråpp, sidan favorittane ikkje var innanfor budsjette. Men no har eg henta inn tilbod på ei som er innanfor, og han ser faktisk ikkje so verst ut heller.

På bilete til høgre kan du sjå tråppa i eik med lukka trinn. Me kjem truleg til å gå for ask, sidan det er hardare enn eik, og opne trinn.

Trappekompaniet hadde diverre ingen bilete av tråppa i L-form sånn som me skal ha, men dei laga til ein 3D illustrasjon. Får vertfall eit inntrykk av korleis det vert sjåande ut i huset vårt med våre veggar.

Tråppa kostar 44 400,- i eik og 42 524,- i ask. "Sterk" ser ikkje kjempe moderne ut, men det viser seg at moderne er dyrt.. So om ikkje Sognatre kjem med eit betre tilbod, går me nok for "Sterk". For prisen er det ikkje noko å sei på... trur eg...

Ellers har me store problem med å finne eit golv som passar til mahogny benkeplata vår, so i kveld sendte eg ein e-post til Alloc i håp om at dei kunne hjelpe. Ventar spent på svar..

    

4jan/110

Escalia Bilbao

Escalia Bilbao

Me hadde jo funne ein tråpp me begge likte (Escalia Bilbao), men prisen var noko høg. Etter å ha snakka med snekkaren vår fekk me forhåpningar om at dei kunne skaffe han til ein noko betre pris, men kor mykje var usikkert.

I dag mottok eg prisen, og eg vart ikkje imponert. Prisen me fekk var 72 000,- prisen dei fekk var 68 000,-. Trur nok me må finne ei anna tråpp no, men ingen produsentar klarar å legge ut prisar, so det er litt jobb og hente inn pris på dei forskjellige.

Stryntrappa Horisont

Eit alternativ er tråppa Horisont frå Stryntrappa. Gelenderet er noko kraftigare, og han har innervange.  Tråppa ser framleis moderne ut, men pga. innervangen (planken som går langs heile tråppa kor ein festar trinna og gelenderet) mistar ein "sveve effekten".

Har ikkje prisen på "Horisont" endå, men nettop pga. at han ikkje ser like moderne ut vil eg tru han er ein del billigare. Har eigentleg ikkje funne so mange andre alternativ, vertfall ikkje billige :)

I kategorien dyr og moderne har me jo tråppa "Spill" frå Melby Snekkerverksted AS som freistar. Denne har eg fått pris på, og eg skulle få han ferdig montert for 89 000,-. Dette vart jo alt for mykje, men det er ei utruleg stilig tråpp.

Me får vell berre vente på prisen på Horisont og håpe på det beste.

Melby Spill

2nov/103

Tråpp

Trappa til venstre er ei standard furutrapp. Dette er tråppa som dei fleste husleverandørar brukar i sin standardleveranse, og det er ei sånn som føl med vårt hus og.

Ei ubehandla furutrapp syns eg ikkje er noko fint, men eg har sett mange som målar gelender og vangar kvite, og lakkar trinna. Då kan det bli veldig fint, men ikkje særleg moderne.

Sidan me prøver å oppnå eit noko moderne uttrykk i huset, har me lyst på ei litt moderne tråpp. Me har funne

mange fine, men begge har veldig lyst på ei tråpp frå Escalia ved namnet Bilbao. (som vist til høgre)

Når eg henta inn pris på tråppa kom det på 72 000,- dette var i dyraste laget, men det viser seg at Idéhus har rabattar, so no skal dei få hente inn pris. Håpar då prisen vert noko legre sånn at me kan ta oss råd til denne utruleg flotte tråppa.