Toshiba NB200
Nei, eg har faktisk ikkje kjøpt meg endå ein liten PC. Denne gongen er det søstra mi, Ann Kristin som har handla. Men eg tenkte sjølvsagt og gje dykk mi meining om denne maskina og. So her kjem det kort oppsumert.
Design:
Toshiba har faktisk laga ei veldig fin maskin til forandring. Veldig slankt design, og maskina virkar solid i bruk.
Tastatur:
Fin størrelse og godt å skrive på, men plasseringa av tastane krev tilvenning.
Lyd:
Standard laptop lyd, men i lågaste laget.
Mus:
Stor og fin touchpad levert av Synaptic. God i bruk.
Støy:
Veldig lite støy, absolutt godkjent.
Skjerm:
Lyssterk og fin og sjå på. Oppløysinga er sjølvsagt låg, men det gjeld alle...
Alt i alt likar eg maskina godt, men anbefalar dei som kjøpar og sette i 2GB med minne, og XP installasjonen som føl med er det berre og kaste ut med ein gong. For og halde prisen nede føl det med mykje "crapware". Eg slengte inn Windows 7 RC1 noko som fungerte supert, styr vekk frå Vista på denne type maskine.

