4aug/100
Klargjering til ringmur
I dag vart det køyrt på endå meir stein først og fremst, men på ettermiddagen vart dei nødvendige røyra gravd ned og me laga til singelpute til å sette ringmuren på. So no er alt klart til å sette opp ringmur.
Har teke alt for lite bilete, og med alt for dåreg kamera (iPhone). Men i dag måtte eg hjelpe til med laser for å finne rett høgde, so det var ikkje tid til å ta bilete akkurat.
2aug/100
Første dag med graving
Det byrja bra med at me slapp å skyte vekk noko fjell, men avslutta med nokre overaskningar. Men alt ordnar seg til slutt, og det er jammen godt å endele vere i gong!


