Se&Hør på besøk
For dei av dykk som ikkje føler for å lese i kveld, skal eg gjere det kort: Kjøp Se&Hør på tysdag.
Det er i grunn ikkje so mykje å fortelje om det heile, men Se&Hør var innom ein tur i dag. Eg er litt usikker på grunnen til det heile, for det er lite nytt og melde sidan dei sist var her. Men mor får i vert fall rydda og vaska huse om ikkje anna, so noko godt kjem det alltid ut av desse reportasjane.
Og til alle dei som no sit og tenkjer "Åååå herregud for ein PR-kåt familie..." FEIL! Dette var ikkje noko familien gjekk inn i samstemt. Far kom med denne gledelege meldinga fredag, og laurdag sto dei på tråppa. Eg skal ikkje legge fingrane mødlo her. Ein i familien trives godt i media, men det er tross alt jobben hans og, til ein viss grad
Eg må sei eg er spent på korleis hovudbilde vert sjåande ut, det var sjølvsagt eit koseleg familiebilde i kjent Se&Hør stil.
For at de ska få eit innsyn i det heile tok eg sjølvsagt fram kamera, og tok bilde av alt tulle:



