HTC TyTN II er namnet
..på min nye mobil!
Nei det er ikkje alt for lenge sidan eg kjøpte min HTC S620, men denne enda live brått for nokre dagar sidan. Det er ukjent kva som har hendt han, men det er tydleg at han ikkje sovna stille inn. Eit bilete fortel meir enn.......
Eg var i grunn ein av dei få her i landet som var nøgd med denne telefonen, eventuelt av dei få som klarar å bruke han. So det var eit trist syn for meg. Men dagen etter fekk eg beskjed om at det var ein som ville kvitte seg med ein HTC TyTN II. Dette kan ein vell kalle toppmodellen til HTC, då den har det meste. Eg brukte nokre dagar på å bestemme meg, men i går vart mobilen med meg haim, og pengane forsvant frå kontoen min.
Etter å ha brukt mobilen i snart 2 dagar no kan eg sei meg ganske fornøgd. Noko eg tykkjer er voldsomt kjekt er den innebyggde GPS, som eg no har lagt inn fotoboksvarsling på. Han har sjølvsagt WLAN som eg nyttar meg flittigt av, og ikkje minst ain drøss med morsomme program ein kan leike seg med. Den forrige telefonen min hadde og eit fullt tastatur, men på den var det bitte-bitte-bitte-bitte-små tastar, TyTN II har og eit fullt tastatur, men her har dei invistert i nokre større tastar.
TyTN II har touchscreen. Det betyr på inga måte at det er ein iPhone lignande touchscreen. Denne fungerar best når ein brukar den medfølgjane pennen, men om du er litt nøyaktig går det greit å bruke fingeren og. Det heile tek sjølvsagt litt tid å bli vant med, men eg merkar eg byrjar å navigera i eit akseptabelt tempo no.
Har sjølvsagt teke nokre bilete av det nye udyret mitt: