EL-planen vår
Elektrikarane skal snart byrje arbeidet sitt og me har laga oss ein liten plan for korleis me ynskjer å ha det.
Dei små gule rundingane er downlights, dei store er taklampar, gule firkantar er trappelys og dei raude er stikkontaktar. Vert spanande å høyre kva elektrikarane meinar om planen, trur kanskje me må ha meir lys nokre plassar, men håpar det er nok. For sparegrisen har allereie svelt i hel...
Tykkjer me har satt opp bra med stikkontaktar, men det er kanskje i minste laget?
* Teikningane har eg laga i Paint...
Endeleg planløysing
I dag tok me ein gjønogang i huset i lag med snekkaren og bestemte koreleis ein del ting skulle vere. So no trur eg faktisk planen er klar.
Har no kome fram til korleis "walk-in-closet"-e vårt skal sjå ut. Det enda med at dei flyttar ventilasjonsanlegge. Me har plassert sentralstøvsugaren og uttaka til han. Ikkje minst er alle garderobane plassert. I 2. etg. får me jo garderrobe med skråtak, litt usikker på korleis ein får døra til å flytte seg, men har sett det skal gå.
Planen deira var å jobbe hjå oss onsdag, torsdag og fredag. Då skal det vere klart til elektrikar og røyrleggjar. Det betyr at det snart er klart for meg å endeleg gjere noko sjølv, men meir om det seinare...
Karnapp ferdig
I helga fekk me på måling på alt av kledning, so no står det att ca. 1 etg. Håpar me får måling på dette og i løpe av året..
I dag har dei fått på plass karnappane i 2. etg, og i morgo byrjar dei på sutaket.
Me skal byggje Rondane 2 frå Idéhus
Etter mykje planlegging og tenkjing har me no bestemt oss for å bygge huset Rondane 2. Det har vore snakk om andre hus óg, men me enda opp med dette sidan det gav oss mest hus for pengane.
Sjølv om me var voldsomt fornøgd me huset sånn som Idéhus hadde teikna det, har me forandra litt. Under ser de korleis fasaden ser ut originalt.
Me fekk eit utkast førre veke, men det viste seg at dei hadde gløymt nokre ting. I tillegg so valde me å legge til eit par ting til. Håpar at me får siste utkast denne veka, sånn at me kan byggemelde huset til kommunen. Skal legge ut teikningane når eg får dei.
Går óg å ventar på eit pristilbod frå L.E Installasjon som dei håpa å ha klart til fredag. Er voldsomt spent på kva dette kjem på sidan me satte opp utruleg mykje LED belysning.
Tomta er nr. 1 på dette bilete (760m²):
So snart kommunen har motteke byggjemeldinga vil FS Anlegg starte med opparbeiding av tomta, og huset skal etter planen vere ferdig utvendig før snøen kjem, og heilt ferdig rund mai 2011.
So då er det berre og førebu dykk på eit voldsomt husbygge fokus her framover












