EL-planen vår
Elektrikarane skal snart byrje arbeidet sitt og me har laga oss ein liten plan for korleis me ynskjer å ha det.
Dei små gule rundingane er downlights, dei store er taklampar, gule firkantar er trappelys og dei raude er stikkontaktar. Vert spanande å høyre kva elektrikarane meinar om planen, trur kanskje me må ha meir lys nokre plassar, men håpar det er nok. For sparegrisen har allereie svelt i hel...
Tykkjer me har satt opp bra med stikkontaktar, men det er kanskje i minste laget?
* Teikningane har eg laga i Paint...
Endeleg planløysing
I dag tok me ein gjønogang i huset i lag med snekkaren og bestemte koreleis ein del ting skulle vere. So no trur eg faktisk planen er klar.
Har no kome fram til korleis "walk-in-closet"-e vårt skal sjå ut. Det enda med at dei flyttar ventilasjonsanlegge. Me har plassert sentralstøvsugaren og uttaka til han. Ikkje minst er alle garderobane plassert. I 2. etg. får me jo garderrobe med skråtak, litt usikker på korleis ein får døra til å flytte seg, men har sett det skal gå.
Planen deira var å jobbe hjå oss onsdag, torsdag og fredag. Då skal det vere klart til elektrikar og røyrleggjar. Det betyr at det snart er klart for meg å endeleg gjere noko sjølv, men meir om det seinare...
Veggar og ventilasjon
I dag har dei reist nokre innerveggar i 1 etg, og kome godt i gong med installasjonen av ventilasjon. Reknar med dei nesten vert ferdige med ventilasjonen i morgo. Hadde vertfall fått gjort mykje i dag. Alle veggane i 1 etg. utanom vaskeromme er no reist.
Isetting av vindauge
Dei har no kome i gong med isettinga av vindauga, men huset er framleis ikkje tett. Har ikkje fått måla noko meir heller, men kanskje kjemt det litt finvér og varmegrade snart so me får målt ferdig.

























