Kjøkken, bad og vaskerom bestemt
Sto opp 04:30 i går. Hadde tegnetime hjå Kvik i Åsane 10:00. Viste seg at me hadde veldig god tid, kom fram ca. 09:00,
men eg likar å vere ute i god tid... Fekk tid til å ta oss litt frukost på Hjelle Bakeri og
Møte vart kjempe bra, me fekk ordna alt me hadde planar om. Det heile tok vell nesten 3 timar, men me vart svært nøgde med resultatet.
Sånn vert kjøkkenet (små endringar kjem kanskje, men utforminga vert sånn):
Vaskerommet:
Bad 1. etg.:
Bad 2. etg.:
Når me kom heim var det litt middag og kviling før det bar bort på tomta for å fylle på med sand inni ringmuren. Det var tungt arbeid, men gjekk heldigvis ganske fort. Fire lass med sand vart vertfall fordelt. I tillegg gjorde Jan Inge seg stort seg ferdig med gravearbeidet.
Forskaling og støyping av ringmur
Då er ringmuren ferdig. I måro skal det fyllast på med sand inni, for so å legge på isopor.
Me reiser til Bergen for å ha teikne møte med Kvik. So får me håpa me er ferdige med kjøkkenet ein gong for alle
Klargjering til ringmur
I dag vart det køyrt på endå meir stein først og fremst, men på ettermiddagen vart dei nødvendige røyra gravd ned og me laga til singelpute til å sette ringmuren på. So no er alt klart til å sette opp ringmur.
Har teke alt for lite bilete, og med alt for dåreg kamera (iPhone). Men i dag måtte eg hjelpe til med laser for å finne rett høgde, so det var ikkje tid til å ta bilete akkurat.












