Sindre sin blogg …byggeblogg framover

11Feb/103

Tur til Island

Reykjavik

Då er eg tilbake i Noreg, og klar til å dele nokre tankar om dette flotte landet medresten av dykk.

Reise til Island gjekk med SAS for vår del, men søstera mi nytta seg av Icelandair. Det er ikkje tvil om at Icelandair er det beste alternativet. Dei kunne nemleg skilte med eigen skjerm i kvart sete, kor ein kunne velje blant forskjellige filmar. SAS hadde ingen skjermar.

Me hadde bestilt leigebil for heile opphalde, so når me landa stod det ein kar og venta på oss. Han køyrde oss til bilane, og etter litt formalitetar var me på veg til hotellet i Reykjavik.

Valet av hotell fell til slutt på Center Hotels, Hotel Arnarhvoll. Dette skulle vere eit moderne hotell med OK standard. Det levde vertfall opp til mine forventningar. Ikkje minst var det fint med fri tilgang til tyrkisk bad, som viste seg å vere utruleg avslappande.

Me tilbrakte ein god del tid i hovudstaden Reykjavik. Dette er ikkje noko spesielt stor by, men ein særdeles triveleg by. Byen er rein og fin, å ikkje minst er det veldig greitt å ta seg fram med bil her.

Det beste i Island må ein diverre reise litt lengre for å finne. Då snakkar eg sjølvsagt om desse varme kjeldene som av og til har utbrot. På fagspråket heiter dette ”Geysir”. Dette var fantastisk å sjå, og Strokkur imponerte stort.

Ein anna ting ein berre må oppleve på Island er ”Den blå lagune / Bláa lónið”. Å bade ute når det er 2° i lufta og 30°-48° i vatne er faktisk heilt OK. Med fargen på vatne og all dampen vert det ein utruleg spesiell atmosfære, det heile er utruleg avslappande. Me tok faktisk to turar til ”Den blå lagune”. Det kostar litt, men er absolutt verdt det!

So dette var litt kort om vår tur til Island, eit land eg absolutt vil anbefale alle som har anledning til å besøkje.

3Aug/092

Barcelona 2009

Då er det nesten ei veke sidan eg landa på Gardemoen igjen. Som eg skreiv om tidlegare var me ein gjeng på 6 som hadde leigd ein leiligheit, som me skulle tilbringe ei veke i.

Eg og Kim Henrik hadde jo vore i Barcelona før, men for resten av reiselaget var det fyrste gong, og for ei var det fyrste gong til syden.

Førre gong me var der, var me innom mykje av det kulturelle i Barcelona. Denne gongen vart det berre tull :)

Me var på stranda alle dagane, stranda i Barcelona er veldig bra. Me var på tivoli, dyrepark og akvarium. Alle tre kan anbefalast til dei som tek turen til Barcelona.

Det beste med turen for min del var dyrehagen. Dei hadde veldig mange flotte dyr, eg og Jeanett tilbrakte vell 7 timar i parken.

Til slutt vil eg nemne at eg har satt ny personleg rekord i kva eg har betalt for ein Cola, 10 euro. Reknar med den vert ståande ei stund.

Legg ved nokre bilete eg tok på turen:

Tagged as: , 2 Comments
2Feb/092

Tur til Hengelo – Oppdatert!

Det vart ein lang tur dette. Eg reiste frå Hafslo i eitt tida, og landa i Oslo 15:20. Flye til Nederland reiste ikkje før 17:30, so eg hadde litt tid på Gardemoen og. Ca. 19:20 sto eg og venta på bagasjen i Amsterdam, og jammen var det kofferten min som var først ut på bandet, fantastisk! Då var det klart for tog til Hengelo. Det gjekk ikkje noko direkte tog på denne tida, so eg måtte bytte i Amersfoort. Det som skulle ha vore 5 minuttar med venting på neste tog, endte med 50 minuttar.

Noko vart veldig klart på desse 50 minuttane. Det er kaldt i Nederland, veldig kaldt! Og eg var ikkje kledd for kulda, det endte med at eg måtte sprette opp kofferten og ta på meg ein gensar utan på skjorta mi :)

Det endte med at eg ikkje var framme på hotelle før 23:15. Heldigvis hadde eg lagt inn kart over Nederland på GPS-en sånn at eg slapp og leite etter hotelle. - Takk TomTom.
Og hotellet er knall. Utruleg flott rom, og ein heilt OK frukost. Og i morgon har eg store planar om å teste ut badekaret.

Det vart seint i kveld og, so kvifor eg er i Nederland får vente til i morgon. Go natt!

hengelo-1 hengelo-2 hengelo-4 hengelo-5

hengelo-6 hengelo-7 hengelo-8

hengelo-9 hengelo-10

11Jan/092

14 dagar i Venezuela

Det vart ei litt spesiell jul i år. Sjølve julafta vart feire i ein leilegheit midt i Oslo sentrum, med eit plast juletre på heile 60cm. Eg kan ikkje sei eg kom i noko voldsam julestemning, for det var heller ikkje snø i Oslo. I tillegg måtte me stå opp kl. 0500 25. desember for å reise til Gardemoen.

Turen fekk ein god start med ein rask tur til Gardemoen, og ein smertefri tur gjennom innsjekking og sikkerheitskontrollen. Eg var ganske spent på flyturen, sidan dette var fyrste gong eg skulle på ein so lang ein. Flytida var satt til heile 11 timar, men vinden gjorde at det gjekk på 10.

DSC_2951 (Small)

Sjølv om dei viste heile fire filmar på turen, må eg sei eg kjede meg ein god del på flye. At ein faktisk tilbyr 7 dagars turar med so lang flytid skjønnar eg ikkje, for meg vil alt anna enn 14 dagar vere uaktuelt.

Møte med Venezuela var som alle andre plassar eg har vore, varmt og fuktig. Etter å ha vore over eit halvt døgn på reise var det godt og kome fram, og legge seg ned litt på rommet med aircondition. Standarden på rommet var som venta, heilt grei, ikkje noko luksus. Det skulle vise seg at me hadde eit lite maurproblem på rommet vårt, men det plaga ikkje meg nemneverdig.

Dei første dagane vart stort sett tilbrakt ved bassengkanten, med nokre små turar innom stranda. Bølgjene var nemleg i største laget dei første dagane for enkelte av deltakarane på turen. Men bassengkanten fungerte fint, det var tross alt her dei hadde plassert snackbaren og. Å ligge ved bassege har ein tendens til å verte kjedeleg, men for fyrste gong trivdes eg for bassenge. Det viste seg å vere ein liten ”flokk” med Iguana i trea rundt bassenge, so når eg kjeda meg kunne eg ta fram kamera, og reise DSC_3128 (Small)på Iguanajakt. Særdeles underhaldande.

Men når ein først reise til eit nytt land, må ein nesten ut av hotellet og oppleve litt. Eg kunne godt ha tenkt meg og farta meir rundt i Venezuela, men 14 dagar går forferdeleg fort, og litt av poenget med turen var og slappe av. Hadde me reist på tur annakvar dag, hadde det vorte mykje stress. Men ein og anna utflukt vart det. DSC_3294 (Small)Midtvegs i opphalde reiste me på ”Jeep Safari”. Dette var kort fortalt ein køyre tur rundt heile øya me budde på, ”Isla de Margarita”. Sjølv om det ikkje var so mykje spesielt å sjå på turen, tykte eg det var interessant og sjå kor dei lokale budde, og korleis det mindre turist infiserte områda såg ut. På turen var me og innom mangroveskogen, kor me farta rundt i ein liten båt. Utruleg fasinerande skog dette, det var lite dyreliv i denne, men skogen i seg sjølv er verdt og få med seg.

Me reiste og på ein tur til ei anna øy, nemleg Isla Coche. Me vart frakta at og fram med DSC_3884 (Small)ein Katamaran, og tilbrakte dagen på ei fantastisk fin strand. Dette var ein tur ein hovudsakleg skulle slappe av på stranda, og det var akkurat det me gjorde.

Før eg reiste til Venezuela trudde eg det var eit billig land og leve i, det viste seg at eg tok smerteleg feil. Prisane er ganske like dei me har heime, og enkelte ting er faktisk dyrare. Sidan me budde på eit ”all inclusive” hotell, vart det ikkje dei store utgiftene uansett, men verdt og merke seg.

Det som fasinerte meg mest på turen var veret. Det viste seg at desember er regntida. Dette betydde heldigvis ikkje at det regna heile dagen, men at de kom ei skur og to om dagen. Det gjekk med andre ord i frå strålande sol og blå himmel, til PISSREGN og heilt overskya, og tilbake til sol og blå himmel på 10 min. Heilt fantastisk og sjå på.

Eg kan på det varmaste anbefale andre og reise til Venezuela.

DSC_3023 (Small) DSC_3224 (Small) DSC_3674 (Small)

Tagged as: , 2 Comments