Sindre sin blogg …byggeblogg framover

4aug/100

Klargjering til ringmur

I dag vart det køyrt på endå meir stein først og fremst, men på ettermiddagen vart dei nødvendige røyra gravd ned og me laga til singelpute til å sette ringmuren på. So no er alt klart til å sette opp ringmur.

Har  teke alt for lite bilete, og med alt for dåreg kamera (iPhone). Men i dag måtte eg hjelpe til med laser for å finne rett høgde, so det var ikkje tid til å ta bilete akkurat.