Sindre sin blogg …byggeblogg framover

14Nov/075

Mac til alle?

Som de ser fekk eg ein litt tøff start, meg eg gjer ikkje opp! Takk til Tore for imponerande engasjement.

Først må eg komma med ei lita nyhende. Eg har no bestemt meg for å slutta å skriva på dialekt, å prøva meg på litt nynorsk. Grunnen til dette er at eg no snart skal byrja å studera, og merkar at “norsken” min ikkje har vorte betre etter 3. klasse i Sogndal. Sjølv om eg skriv mykje på jobb, kor eg faktisk skriv konsekvent på nynorsk (delvis for å plaga brukarane), treng eg heilt klart meir trening. Og folkens… Eg kjem til å ha eventyrleg masse skrivefeil, men prøv å ikkje bli for irritert. ßGikk ikkje :P

Og over til dagens agenda. Eg har no brukt det folk omtalar som Mac i to månadar, og tenkte eg skulle fortelja deg om du bør kjøpe deg ein sjølv. Mac er maskina, som i grunn ikkje er noko spesiell, sjølv om dei ser fine ut. Det som er spesielt med Mac er operativsystemet, og det er OS X (tilsvarar XP og Vista for dei med PC).

Bør du kjøpa deg Mac? - Nei det bør du ikkje…. Då har eg svart dei av dykk som ikkje har lyst å lesa alt :)

Eg er på ingen måte misnøgd med min Mac, men eg er heller ikkje særs imponert. Den største grunnen til at folk bør kjøpa Mac no, er at faren for virus og malware er minimal. Nesten 0. Men no er det faktisk OK å bruka Vista utan virusprogram òg, så eg synes(tykkjer) ikkje dette er grunn nok. Og om alle skiftar til Mac, vil det komma virus over natta. For det er ikkje mykje pengar å henta på 6,6% av marknaden i høve til 94,4%.

Apple meinar sjølv at det er veldig lett å bruka Mac, dette er eg ikkje einig i. Om du aldri har brukt ein PC før vil det nok vera heilt greitt, men om du har erfaring frå Windows vil ikkje alt vera like lett. Ting som at du ikkje kan maksimera vindauge, ein har ikkje startmenyen, alle program har ei felles menylinje, tastaturet er ikkje likt, ein har ikkje høgreklikk som standard, ein del av programma ein er van til å bruka vil kanskje ikkje fungera, det vert vanskelegare å få hjelp om du har problem.. Det er generelt mykje nytt og rart.

Det eg har størst problem med er at alle dei gode programma kostar pengar. Det eksisterar mange gratisprogram til Mac òg, men dei som eg kunne tenkja meg å bruka, kostar faktisk pengar alle saman.

Men det er faktisk mykje positivt òg. Det er sjeldan Mac heng seg opp, alt ser veldig flott ut, det meste går raskt på alle modellar.

Eg høyrer at mange studentar vel Mac om dagen, dette er vel og bra det. Men for dei som ikkje har veldig mykje datakunnskap og heller ikkje lyst til å læra mykje nytt er gode gamle Windows eit betre alternativ. No skal det seiast at ein kan bruka Windows på ein Mac òg, men dette er ikkje noko folk flest vil gjera trur eg. Og kva er då poenget? For om ein kunn vil ha Mac pga. utsjånaden til maskina bør ein tenkje seg litt om, for ein betalar ganske mykje for dette designet. Maskina mi ser veldig fin ut, men ho ser neppe 13 000kr fin ut.

 

Det er litt trist at mange har byrja å kjøpe Mac berre fordi det er kult. Eg for min del kjøpte det fordi eg hadde lyst å prøva OS X. Og det er vanskeleg å argumentera for og imot noko før ein har prøvd det. Men no kan eg slakte både Windows og OS X med godt samvit.

Eg kunne ikkje dy meg.

No har eg tatt dei grøvste feila dine. Der det er raudt, har eg sett inn eit anna ord eller retta opp. Der det berre er raudt, men ikkje noko endring, er ordet overflødig.

Eg skjønnar ikkje kvifor du skriv med infinitivs e når du snakkar med infinitivs a, det kan verka som om du har budd for lenge i bokmålsland. Det er meir nynorsk, men like rett, å skriva ”kjøpa” i staden for ”kjøpe”, ”å gjera” i staden for ”å gjere” osv. Det einaste du må passa på der er at du er konsekvent, brukar di infinitivs e så må du gjera det gjennom heile teksten din.

Nokre tommelfingerreglar:

- Aldri start ein setning med ”og/å”. Aldri!

- Det er forskjell på ”og” og ”òg”. Der du skulle ha skrive ”også” på bokmål skal det vera ”òg” på nynorsk. Orda har ein særs ulik tyding.

- Så lenge du skriv i presens kjem det fram av teksten i sin heilskap. Du treng ikkje skriva at ”Eg har no bestemt”, det forkludrar setningsstrukturen din.

- Du er til tider god på å skilja mellom og/å, husk at så lenge det er noko som skal, eller blir gjort, skal det ver å. Altså å framom alle verb.

- Aldri bruk apostrof i eigedomssamanhengar. Det heiter Sindres kafé, ikkje Sindre’s kafé. (Du hadde ikkje det i denne teksten)

- Innskotne bisettingar er tøft J

Tagged as: , , , 5 Comments