Mobilspionasje: misvisande reportasje frå TV2 Hjelper deg
Trykk på bilete under for å sjå innslaget...
Under innslaget nyttar TV2 ein iPhone sjølvsagt. Dei viser og kor enkelt det er og installere "spionprogram" på denne telefonen, noko som er utruleg misvisande.
På ein vanleg iPhone er det nemleg ikkje mogleg og installere applikasjonar som ikkje er godkjent frå Apple. Apple går faktisk gjøno kjeldekoden til alle applikasjonar som hamnar i App Store.
Telefonen TV2 nytta i innslaget sitt var nemleg modifisert, eller det ein kallar "Jailbreaka". Dette er ein voldsomt enkel prosses ein kan gjere på alle iPhone mobilar, men det er uansett noko ein må gjere for å køyre usignert/ikkje godkjent kode.
Jailbreaking krev at ein nyttar ein PC/Mac til å utføre modifiseringa, ein kan med andre ord ikkje berre springe rundt og avlytte alle med iPhone.
Kan jo legge til at eg vart ein smule skuffa over at det var denne type spionering dei valde å fokusere på. Det har nemleg skjed interesann og ikkje minst stor framgang i knekkinga av krypteringa som GSM nyttar (A5/1). Meir om dette prosjektet kan de lese her.
TV2 skal få litt skryt for at dei tek opp det utruleg viktige tema sikkerheit, men eg likte dårleg måten det vart gjort på.
