Leilegheit til sals..no solgt!
Etter ein thriller av ein budrunde er no leilegheita solgt. Riktignok var det ikkje meir enn eitt bud, og det heile tok ikkje meir enn ein time, men spanande var det!
Me endte opp med å få 1 530 000,- for leilegheita, og 20 000,- for kvitevare og skåp.
Alt i alt er eg godt fornøgd, og ser fram til å få sving på husplanane!
Då er endeleg annonsa på plass folkens. La budrunden starte
Meklaren kunne melde om ei, som allereie før annonsa var komt ut hadde meldt sin interesse.
Skal du flytte til Gjøvik?
Det ser ut til at du no kan kjøpe ein svært flott leilegheit i Gjøvik sentrum til ein utruleg god pris! Han er ikkje lagt ut for salg endå, men dersom me vert einige med ein meklar snart burde han dukke opp på Finn.no.
Det ser ut til at Gjøvik opphaldet vårt vart meir som ein lang ferie enn noko anna. Det enda jo med at me begge slutta på skulen, og starta å arbeide. Eg har faktisk gått til det stege at eg har levert oppseiinga mi til Telenor, og me vil avslutte vårt kort varige forhold i månadsskifte februar-mars.
Med dette er eg då tilbake i 100% stilling hjå NTP fram til sumaren.
Kjem truleg til og søke meg inn på "Økonomi og administrasjon" studie ved HiSF.
Går med andre ord ei spanande tid i møte. Salet av leilegheita vil prege korleis kvardagen vert tilbake på Hafslo. Hadde jo vore kjekt om ein kunne ha skaffa seg eit lite hus eller noko, men truleg endar det med at me må leige noko.
