Sindre sin blogg …byggeblogg framover

1feb/111

Plating av veggar

Tok sjølvsagt turen rett bort i huset etter jobb, og nok ein gong var det utruleg kjekt å kome "heim". Snekkarane hadde byrja med å plate veggar, og dei var faktisk ferdige med boden og to av soveromma. Var godt i gong med soverommet vårt og, men ikkje heilt ferdig.

Elektrikaren har no montert alt av stikkontaktar etter kva eg kan sjå, so det kan ikkje vere mykje igjen for dei no...

Fekk ein dårleg nyheit frå L.E installasjon på førmiddagen i dag. Viste seg at det ikkje var so enkelt å flytte sikringskåpe til vaskerommet sånn som me hadde avtalt. Ser no ut til at det vert ståande i garderoben... :(

11jun/100

Tilbod frå L.E Installasjon

Tilbode på EL installasjonen kom som avtalt i dag, men var ikkje heilt som me hadde håpa...

Prisen var på heile 206 423,-

Dette høyres kanskje ikkje so mykje ut for eit heilt hus, men når prisen for heile huset me har fått kun innkluderar 100 000,- vert jo huset 100 000,- dyrare plutseleg.

So noko må gjerast.

Me har satt opp alle downlights til å vere LED. Endrar me dette til halogen sparar me nesten 30 000,-.

Ellers er det rekna med 173 punkt. Kvart punkt kostar 619,- so her må me fjerne ein del skal det gjere utslag.

So løysinga vert nok å gå over til halogen på alle downlights, og kutte ned antallet. Det er satt opp 55 stk, kan sikkert fjerne 10-20 av dei.

*Alle prisar er inkl. mva.