Sindre sin blogg …byggeblogg framover

28feb/110

Golvet vårt

11feb/111

Val av farge på soverom

Tok ein tur til Fargerike i Sogndal etter jobb. Bestemte oss for ein lys brunfarge som heiter "Marrakesh FR 1070" på hovudsoverommet og ein lys gråfarge som heiter "Berlin FR 1021" til dei øvrige soveromma, og truleg resten av huset.

I tillegg fann me eit laminatgolv til soveromma som me likte godt. Dette er av typen "Kronotex Dynamic Hacienda Eik 2928".

Og sist men ikkje minst har me fått flise på badegolvet vårt. Hærleg...

17aug/103

To golv me har sansen for

Desse golve er faktisk frå Tarkett. Det betyr at me har fleire forhandlarar i Sogndal. Kanskje me må bestille ein kvadrat so me får sjå dei litt betre...

16aug/101

Fleire val er teke… Berre 1000 igjen

Det er utruleg mange ting ein må bestemme når ein byggjer hus, heldigvis byrjar det å minke på lista no...

I helga vart det bestemt at me skal ha peisen du ser til høgre. Det er ein Jøtul F 373 som me likar svært godt. I tillegg skal me ha stålpipe som vist på bilete. Ein fin funksjon ved denne peisen er at ein kan kjøpe ei dreieplate som ekstrautstyr. Dette gjer at ein kan snu peisen 360° i rommet. Ein fin detalj.

Men det er ikkje noko oppbevaringsplass til ved i denne peisen, so her må me finne på ei smart løysing.

Ytterdøra er noko me har brukt mykje tid på. For i standardleveransen er det sjølvsagt berre ei billeg standarddør. Og som alltid når ein avvik frå standarden, kostar det.

Uansett har me valt å finne ei dør me likar. Å valet er NorDan Kvadraten. Døra vert som vist til venstre, men i kvit.

Trur denne døra kjem til å passe godt til dørane me skal ha inne.

Inne har me nemleg gått for Trenor Silhuett 3 og Kontur 3, som vist under.

Og sist men ikkje minst har me vore i nytt møte med Luster Energiverk og klart å kutte 50 000,- på EL-installasjonen. Ved å gå i frå LED belysning til vanleg 12v halogen var dette mogleg. Sidan prisen pr. punkt er mindre, og at ein kan klare seg med færre punkt pga. spredninga på lyse.

Det me slit mest med å bestemme no, er golve i stove/spisestove/kjøken. Me likar begge nokre grålege golv, men vil gjerne sjå dei i verklegheiten før me tek valet. Og i Sogndal var ikkje utvale mykje å skryte av. Quick-Step Wenge Passionata er eitt alternativ.

Gode idéar er sjølvsagt velkomne.