Sindre sin blogg …byggeblogg framover

8mar/110

No skjer det ting igjen!

Denne veka kjem det til å skje mykje. Dei skal jobbe i huset vårt heile veka frå og med i dag.

I dag fekk dei plata heile stova og kjøkkenet. Utover i veka vert truleg baderomsinnredninga montert og golvet på soveromma lagt. So dette ligg an til å bli ei utruleg bra veke!

Har gjort nokre små endringar på vaskerommet rett før me skal bestille det. Har endra eine skåpe til skuffar, og endra benkeplata til kvit eik.

8aug/105

Kjøkken, bad og vaskerom bestemt

Sto opp 04:30 i går. Hadde tegnetime hjå Kvik i Åsane 10:00. Viste seg at me hadde veldig god tid, kom fram ca. 09:00,

men eg likar å vere ute i god tid... Fekk tid til å ta oss litt frukost på Hjelle Bakeri og :)

Frukost på Hjelle Bakeri

Møte vart kjempe bra, me fekk ordna alt me hadde planar om. Det heile tok vell nesten 3 timar, men me vart svært nøgde med resultatet.

Sånn vert kjøkkenet (små endringar kjem kanskje, men utforminga vert sånn):

Kvik Mano Høgglans kjøkken

Anna vinkel av kjøkken

Vaskerommet:

Kvik Vaskerom

Bad 1. etg.:

Kvik Mano Høgglans bad 1, etg

Bad 2. etg.:

Kvik Mano Høgglans bad 2 etg

Når me kom heim var det litt middag og kviling før det bar bort på tomta for å fylle på med sand inni ringmuren. Det var tungt arbeid, men gjekk heldigvis ganske fort. Fire lass med sand vart vertfall fordelt. I tillegg gjorde Jan Inge seg stort seg ferdig med gravearbeidet.

Ringmur fyllt med sand