Sindre sin blogg …byggeblogg framover

27Feb/080

Kva framtida bringer

Eg har pr. i dag ein muntleg avtalen med Avery Dennison NTP på at eg skal jobbe minimum 1 år. Ein picture-2.pngkontrakt er under arbeid, men det gjenstår noko arbeid endå. Kontrakta er viktig for meg som ein garanti på kursing i tida framover, sånn at å arbeide vert eit godt alternativ til skule. Kontrakta er viktig for bedrifta for å få noko igjen for invisteringa si, for eg må bitte meg i  1 år for kvart kurs eg takkar ja til.

Det høyres kanskje mykje ut for mange med 1 år, men når ein ser prisen på kurset eg har takka ja til, kan ein lett forstå det. Det eg allereie har takka ja til er MCSA (Microsoft Certified Systems Administrator) kurs, som fører fram til MCSA sertifisering. Første delen av kurset skal eg byrje på allereie neste veke. Då skal eg vere på kurs hjå Glasspaper i Oslo heile veka. Berre desse dagane kostar 17 500,- + reise og opphald, totalprisen for MCSA kjem på godt over 50 000,-. Eg gledar meg voldsomt til å ta fatt på kurset, og har store forventningar. Stryk prosenten på MCSA eksamen er voldsomt stor, men eg håpar verkleg eg står sånn at eg kan kalle meg MCSA om ikkje alt for lang tid.

Akkurat no trivest eg godt hjå NTP, og har ingen problem med å seie ja til å jobbe der 1 år. Har og tenkt på å skaffe meg ein leilighet i framtida, men dette vert litt fram i tid...om det vert noko av i det heile..

Det var vell eingentleg ikkje so mykje og fortelje dette...

Tagged as: , No Comments
27Nov/079

Ny bil & jobb

Min nye bil er no ein Audi A3 1.8l 1997 mod. Det tok litt tid, men eg har tru på at dette er eit godt kjøp. Bilen er ikkje gått meir enn 120000km, og sidan eg handlar gjennom forhandlar får eg 3mnd garanti. Eg har ikkje vert å sett eller prøvd bilen, men eg har prøvd A3 før og reknar med det er mykje likt. Min far var innom for å sjå bilen på veg til Gol i dag, og han sa alt såg bra ut!
Eg er sjølvsagt veldig spent på min første bil, og håpar at eg får ordna alt til fredag sånn at eg kan køyre han heim. Dei har ikkje klart å leggje ut bilete av bilen, men eg skal SJØLVSAGT ta bilde når eg får henta han. Dette vert knall..håpar eg! ;)

Men eg har meir nytt eg! ...Ny jobb! Eg er straks ferdig med siviltenesta mi, og har tenkt å arbeide fram til eg skal studera. Aker Universitetssykehus har tilbydd meg jobb, men det har og Avery Dennison NTP AS. Eg takka ja til den siste. Det var fleire grunnar til dette; Jobben virka meir variert og spennande, det er eit mindre føretak, eg får flytte heim og avdelinga virka samde om mange vesentlege ting.
Min dimmisjonsdato er 16.01.2008, men eg kjem til å søkje førtidsdimmitering pga. jobb. Grunnen til dette er at IT-avdelinga på Paxar skal starte opp med eit prosjekt 02.01.2008.
Eg håpar og trur eg kan få ei lærerik tid på Paxar, og kven veit kor lenge eg vert verande der... ;)

* Takk til alle som har vore til hjelp med å finne bil!

Tagged as: , 9 Comments