Sindre sin blogg …byggeblogg framover

27Jan/1010

Apple lansering skuffar

I dag var kvelden Apple skulle lansere sine nyvinningar for året. Forventninga mine var store, dei vart ikkje innfridd.

Det store for min del var rykta om at iPhone OS 4.0 skulle lanserast. 4.0 skulle nemleg ha støtte for å køyre program i bakgrunnen, vertfall i følgje rykta. Til no har dette våre det som plagar meg, og mange andre mest med iPhone. Dette var utruleg trist, og det fører truleg til at eg kjem til å JailBreake min iPhone snart.

Men det er klart noko positivt var det. Ein ny duppeditt ved namnet iPad vart lansert. Dette kom ikkje so noko bombe for nokon trur eg. Men detaljane var det ikkje mange som var einige om.

Utifrå demoen under lanseringa kan ikkje denne "PC-en" køyre fleire applikasjonar samstundes heller. iPad ser utruleg bra ut, og eg trur det kjem til å bli eit svært bra produkt. Men for min eigen del er multitasking utrleg viktig. At han manglar dette kan bety at eg heller går for ein Windows 7 basert tablet i framtida....

Her kan du lese kva VG Nett skriv om lanseringa, og TV2.