Då er ramma på plass
Endeleg kan me sei me er i gong med bygginga. I dag har dei nemleg lagt ned og festa ramma/botnsvill rundt heile ringmuren. Det betyr at det no er klart til å reise veggane. Det skal etter planen skje på onsdag, men pga. vèrmeldinga til høgre er det mogleg dei utsett det til torsdag. Takstolane vert levert fredag, og truleg montert på måndag eller tysdag.
Røyr og isopor
No har det vore stillt ei stund på tomta, men denne veka har det skjedd litt. Tysdag var eg i eit kjapt møte med røyrleggjaren vår, og forklarte han korleis me ville ha ting. Etter møtet reiste han og gjorde klart alle røyr til støyping.
I går vart det lagt ein del isopor, so no er nesten det og ferdigt. So no står det at å legge ferdig isoporen, for so å legge ned varmekablar. Planen er å støype plata i løpe av veka, men dette er sjølvsagt avhengig av véret i dagane som kjem.
Forskaling og støyping av ringmur
Då er ringmuren ferdig. I måro skal det fyllast på med sand inni, for so å legge på isopor.
Me reiser til Bergen for å ha teikne møte med Kvik. So får me håpa me er ferdige med kjøkkenet ein gong for alle
Klargjering til ringmur
I dag vart det køyrt på endå meir stein først og fremst, men på ettermiddagen vart dei nødvendige røyra gravd ned og me laga til singelpute til å sette ringmuren på. So no er alt klart til å sette opp ringmur.
Har teke alt for lite bilete, og med alt for dåreg kamera (iPhone). Men i dag måtte eg hjelpe til med laser for å finne rett høgde, so det var ikkje tid til å ta bilete akkurat.











