EL-planen vår
Elektrikarane skal snart byrje arbeidet sitt og me har laga oss ein liten plan for korleis me ynskjer å ha det.
Dei små gule rundingane er downlights, dei store er taklampar, gule firkantar er trappelys og dei raude er stikkontaktar. Vert spanande å høyre kva elektrikarane meinar om planen, trur kanskje me må ha meir lys nokre plassar, men håpar det er nok. For sparegrisen har allereie svelt i hel...
Tykkjer me har satt opp bra med stikkontaktar, men det er kanskje i minste laget?
* Teikningane har eg laga i Paint...
Endring av planløysing

I siste liten fann me ut at me ville endre litt på romløysinga på lofte vårt. Var flaks at dei kun var starta med innerveggane i første etasjen, for me rakk faktisk å få med endringane vore. Kjekt å ha snekkarar som er villige til å utføre endringar dei får i siste liten utan diskusjon.
Har no bestemt oss for at me vil ha soverommet vårt i 2. etg. Fann då ut at me ville ve litt moderande og ha eit so kalla "walk-in-closet". Valde då å ta kontoret i bruk til dette, so no får eit klesskap på nesten 10m². Dumt at me må ha dør inn til bod her i frå, tapar mykje plass på det, men det er det diverre ingenting å gjere med no. I tillegg til "klesromme" har me laga plass til ein skyvedørsgarderobe på soverommet, so det vert godt med plass.
Har òg flytta/snudd ein del av dørene i begge etasjane for å gjere det, i våre auge, meir praktisk. Tida vil vise om me har rett.
Me har vore på jakt etter ein sofa til den nye stova vår, og har funne ein me begge likar godt. No har det seg sånn at han har kome på tilbod, so no har me litt press på å bestemme oss. Sparar i følgje butikk dama 10 000,- på å handle no. Sofaen er ein Furninova Paso Doble (bohus). Tilbode varar ut januar, so me har litt betenkningstid..
Tak over inngang
No er faktisk taket over inngangsdøra nesten ferdigt og. Dette skulle jo i utgangspunktet ha stolpar som gjekk inn i husveggen. Det vart endra i siste liten til å vere søyler som går ned i bakken i staden. Då me alle var einige i at dette vart finare.
Var sjølvsagt bortom huset i kveld (noko me stort sett er kvar kveld) men hadde gløymt kamera i kveld. So då måtte eg bruke ein iPhone, og ein A3 som blits. Resultatet vart som forventa - bås....
Reisverk 1. etg.
Då er dagen alle har venta på komen
Dei vart faktisk ferdig med reisverket for 1. etg i dag, so no går det fort.
Er ikkje so mykje meir og skrive eigentleg. Berre nyt bileta..






