Sindre sin blogg …byggeblogg framover

9okt/091

Ny hund igjen

Ja, den førre hunden reiste jo tilbake til Hafslo. Noko som førde til at me faktisk var hundefrie nokre veker, men det gjekk ikkje lenge før ein ny hårball var på plass.

For når me var heime på Hafslo helga som var, tok me jammen med oss ein hund tilbake. Denne gongen er det Dixi som har flytta inn, som bileta viser har ho funne seg godt til ro:

6sept/098

Siste nytt

Nokre er kanskje litt nyfikne på kva eg eigentleg driv med om dagen, og om det har skjed noko nytt.

Eg går altso på "Informasjonssikkerhet" ved HiG. Fram til jul skal eg ha tre forskjellige fag: "Grunnleggende programmering", "Mattematikk for informatikkfag" og "Innføring i informasjonssikkerhet".

Programmering ser ut til og gå ganske greit, sidan eg har ein del erfaring frå diverse språk. Sjølv om me no skal lære C++ som eg ikkje ha noko erfaring med, er det mykje likt med andre språk.

Matte var kanskje det eg såg mørkast på, til no går det greit, men det er ikkje veldig lenge til første prøven.

Innføring i informasjonssikkerhet hadde eg ikkje noko forventning til, men det viser seg og vere eit nokså interessant fag. Her har me faktisk fått eit gruppearbeid allereie, utan at eg veit kem 50% av personane på gruppa mi er. Kjekt...

Ellers går mykje av dagane til studering, fiksing av leilegheita, jobb og ikkje minst tørke piss og drit etter ein kvelp me har på lån.

Leilegheita byrjar faktisk og kome i orden no, eg byrjar vertfall og bli fornøgd. Har jo f.eks gått til innkjøp av akvarium, noko eg har særs stor tru på. Ellers ventar me på ein ny sofa som truleg vert levert om 14 dagar. Og ikkje minst har me investert i litt meir underhaldning, nemleg ein Nintendo Wii. Noko som til no har vore eit godt kjøp! For dei av dykk som er nyfikne på korleis han ser ut om dagen kan eg glede dykk med nokre nye bilete:

Kjem nok meir om akvarium når det byrjar å kome noko i det :)

Hunden me har hatt på lån reiste faktisk heim i dag. Eg og Jeanett kan med andre ord sjå fram til ein liten ferie til Xtra kjem heim :) Vert litt tomt utan ein hund hoppande rundt her...

Eg vil nok kome tilbake til akvariume vårt når borde kjem og me byrjar og innrede, mogleg eg må skrive litt om alle plantene vore og, og ikkje minst bør eg lære dykk om litt om informasjonssikkerheit.

2des/060

Ke smart e hunden din?

Eg mao sai da e tilfredstillande å sjao at hundane eg omgås dagle ikkje e ao di dummaste (3. plass)

Ha du lyst å sjao kem so e di 10 smartaste elle di 10 dummaste hundane, trykk HER.

Tagged as: No Comments