Sindre sin blogg …byggeblogg framover

1Nov/090

Tida ved HiG er over på ubestemt tid

Ja, eg er vist ikkje student lenger eg. Noko som er løye å tenkje på, sidan eg var veldig klar for å studere. Eg var vel eigentleg ikkje so veldig begeistra for studentlivet frå starten av. Det meste var keisamt og motivasjonen var fråverande. Dette førte til at jobben min med å utvikle ein nettbutikk tok opp meir og meir av tida, og studiane mindre og mindre.

So tanken på  å slutte på skulen starta å surre rundt i hovudet mitt, og det gjorde han vell i nærare 14 dagar før eg bestemte meg. Og eg rakk faktisk å skaffe meg ein til jobb før eg slutta på skulen.

So no er eg ikkje lenger student, men ansatt i både Telenor og Avery Dennison NTP. I Telenor skal eg jobbe på 05000, håpar sjølvsagt å få ein meir IT relevant jobb i Telenor etterkvart, men når veit eg ikkje. I NTP jobbar eg som utviklar av fleire program og system, noko som er ein veldig spennande.

Eg er faktisk ganske letta over å ha slutta på skulen no, og eg angrar ikkje endå. Skulle eg angra får eg prøve meg igjen til neste år.