Sindre sin blogg …byggeblogg framover

11feb/103

Tur til Island

Reykjavik

Då er eg tilbake i Noreg, og klar til å dele nokre tankar om dette flotte landet medresten av dykk.

Reise til Island gjekk med SAS for vår del, men søstera mi nytta seg av Icelandair. Det er ikkje tvil om at Icelandair er det beste alternativet. Dei kunne nemleg skilte med eigen skjerm i kvart sete, kor ein kunne velje blant forskjellige filmar. SAS hadde ingen skjermar.

Me hadde bestilt leigebil for heile opphalde, so når me landa stod det ein kar og venta på oss. Han køyrde oss til bilane, og etter litt formalitetar var me på veg til hotellet i Reykjavik.

Valet av hotell fell til slutt på Center Hotels, Hotel Arnarhvoll. Dette skulle vere eit moderne hotell med OK standard. Det levde vertfall opp til mine forventningar. Ikkje minst var det fint med fri tilgang til tyrkisk bad, som viste seg å vere utruleg avslappande.

Me tilbrakte ein god del tid i hovudstaden Reykjavik. Dette er ikkje noko spesielt stor by, men ein særdeles triveleg by. Byen er rein og fin, å ikkje minst er det veldig greitt å ta seg fram med bil her.

Det beste i Island må ein diverre reise litt lengre for å finne. Då snakkar eg sjølvsagt om desse varme kjeldene som av og til har utbrot. På fagspråket heiter dette ”Geysir”. Dette var fantastisk å sjå, og Strokkur imponerte stort.

Ein anna ting ein berre må oppleve på Island er ”Den blå lagune / Bláa lónið”. Å bade ute når det er 2° i lufta og 30°-48° i vatne er faktisk heilt OK. Med fargen på vatne og all dampen vert det ein utruleg spesiell atmosfære, det heile er utruleg avslappande. Me tok faktisk to turar til ”Den blå lagune”. Det kostar litt, men er absolutt verdt det!

So dette var litt kort om vår tur til Island, eit land eg absolutt vil anbefale alle som har anledning til å besøkje.