Fotografering av leilegheit
Dei to siste dagane har stort sett gått med til rydding og vasking. Me får håpe det synsest, for i dag var nemleg fotografen innom og tok eit lass med bilete. Gledar meg til å sjå resultate.
Etter å ha sett litt rundt på Finn.no på det som ligg ute i Gjøvik no, er det ikkje so mykje som ser veldig bra ut. Men det er ein heil del som ligg ute for sal no, so det gjeld og skilje seg ut frå mengden. For å klare dette la me ned ganskemykje arbeid i desse bileta.
Det første som måtte gjerast var og rydde vekk mest mogleg, samstundes var det viktig og ikkje ta vekk for mykje sånn at det såg tomt ut. Me enda med og fjere MYKJE. Boden og alle skåpa våre er no fyllt til randen. Til og med microen måtte gøyme seg vekk i skåpe til bilete var tatt. Når eg ser meg om, har me faktisk ikkje teke han fram at heller.
Sameleis gjorde me på bade. Alt vart fjerna, og blomar vart satt fram. Ikkje ein gong dokosten fekk stå at.
Målet med alt dette var jo å få det til å sjå stort, ryddig og reint ut. Me hadde jo ein klokke på veggen vår, av den litt store typen. Me likte eigentleg klokka godt, men det såg utan tvil betre ut utan. So denne er no vekke.
Reknar med eg skal få bileta av fotografen når dei er ferdig behandla, men gløymte sjølvsagt å spørje han.
Me hadde faktisk måka altanen vår for snø til anledniga, men i dag snøa det, so altan bileta vert ikkje allverden vil eg tru. Håpar berre dei andre er fine nok til at me klarar og fange merksemda til nokre potensielle kjøparar, so det dukkar opp litt på visning og.