Sindre sin blogg …byggeblogg framover

17jun/091

Ny faktura frå If

Ja, i dag dukka det faktisk opp ein faktura frå If forsikring. Eg hadde sjølvsagt rekna med at dette var fakturaen me hadde vorte einige om førre gong eg var på telefon med dei, men det var det sjølvsagt ikkje.

Det var nemleg ein ny faktura for akkurat det same, men denne gongen var summen 2 097,- kroner. Dei hadde altso trekt i frå nokre kroner og finne ut eg skulle få ein ny faktura.

Eg kasta meg sjølvsagt over telefonen for og høyre kva som hadde hendt med dei 460,- som me vart einige om. Det viste seg at den fakturaen var og på veg, og kvifor eg hadde fått denne kunne dei ikkje svare på.

Igjen TYPISK If forsikring. Dei sender ut faktura og papir utan mål og meining. So nok ein faktura eg berre kunne kaste...

Heile telefonsamtalen enda med at eg klarde og snike in meininga mi om If som selskap, kor responsen frå telefonmannen var: "Håper du glømmer dette fort...", eg svara "Neppe. Hada!".

Tagged as: , , 1 Comment
15jun/096

If forsikring, ikkje for alle..

iflogoDen siste tida har eg vore i gong med eit enormt prosjekt. Nemleg det og skifte/etablere forsikring. Det heile starta med at eg vart oppringt av ein seljar frå selskapet If. Han ville gje meg eit betre tilbod enn det eg hadde hjå Gjensidige. Det vart mange telefonar, og utruleg mange tilbod pr. post att og fram.

Og dette er noko If bør forandre! Å sende nye forslag via post i 2009 er ikkje nødvendig, Gjensidige sender på e-post.

Til no vil eg tru eg har fått samla nærare 10 tilbod. Og det har vore rot frå første stund. Eg fekk sjølvsagt nummeret til min kontaktperson ved If, men dei (ja, eg har hatt fleire) tok sjølvsagt alder telefonen, og ringte meg heller alder tilbake for oppfølging. So til saman har eg nok snakka med 10 forskjellige og...

Det var snakk om ein del forsikringar dette. 2 personar, 1 bil og 1 leilegheit. Alt dette låg an til å verte nærare 14 000 kroner. Men desse pengane kan If sjå langt etter!

For eg valde nemleg og gå for Gjensidige i staden, noko eg so langt ikkje angrar eit sekund på. Men sjølv om eg annullerte forsikringa hjå If, og fekk beskjed om at eg gjorde det i tide for og ikkje bli belasta, dukka det ei overrasking opp. For saman med annulasjonen låg ein faktura. Ein faktura på 2 800,-. Det sto sjølvsagt ikkje noko om kva dette var for, so eg heiv meg på telefonen for å prøve og finne ut kva dette var for noko. Forklaringa eg fekk var at eg allereie hadde godteke forsikringa og at dette var prisen for 1 mnd. Noko som var heilt latterleg sidan eg fekk det siste prisforslaget same dagen som denne fakturaen kom.

Dei påfølgjande dagane ringe eg mange gonger, og eg vart lova at ei dame skulle ringe meg opp igjen noko ho ikkje klarde og gjere. Noko eg skjønnar godt, for ho hadde jo tross alt lurt meg trill rundt. Til slutt tok faktisk ein svenske hjå If tak i saka mi, og i dag klarde han og kome fram til ei løysing eg motvillig godtok for å få denne saka ut av verda. Det enda med at eg måtte betala 460,-.

If forsikring har opptredd utruleg dårleg i denne saka, og eg kjem neppe til og bli ein framtidig kunde hjå dei, og eg håpar dei færraste av dykk vert!

Tagged as: , 6 Comments