Støyping og kjøkkenbord
I dag vart endeleg plata til huset vårt støypt. Vel og merke nokre dagar på etterskot, men dei har uansett ikkje tid å starte med reising av huset endå, so me har ikkje tapt noko tid av den grunn. Men for oss er det sjølvsagt kjekkast at det skjer ting jamnt og trutt...
Me er i Oslo denne veka og har då hatt moglegheit til å sjå litt på møblar. Dvs. me har fått sett ein del ting i butikkar som me berre har fått sett i katalog frå før av. Og det er ikkje tvil om at det er lurt å sjå og ta på møblane før ein kjøper dei.
Me var innom butikken Bolia på tysdag, då me hadde funne fleire ting i katalogen deira som me likte særs godt. Mesågspesielt mykje på eit kjøkkenbord frå dei ved namnet Corona. Me har vore på jakt etter eit rundt bord, og dette ovale bordet fell godt i smak hjå oss begge. Prisen derimot var noko høg, 7 499,-. Ein tur inn på Finn.no viste seg å vere verdt turen. Me fann ein dame som skulle selge sitt for 3 500,-. Etter mykje styr ved hentinga, som varte over to dagar, vart prisen redusert til 2 500,-. Noko som må seiast å vere eit kupp for dette borde. Bordet ligg vertfall i bilen no, so då har me ein mindre ting å tenkje på
Leilegheit til sals..no solgt!
Etter ein thriller av ein budrunde er no leilegheita solgt. Riktignok var det ikkje meir enn eitt bud, og det heile tok ikkje meir enn ein time, men spanande var det!
Me endte opp med å få 1 530 000,- for leilegheita, og 20 000,- for kvitevare og skåp.
Alt i alt er eg godt fornøgd, og ser fram til å få sving på husplanane!
Då er endeleg annonsa på plass folkens. La budrunden starte
Meklaren kunne melde om ei, som allereie før annonsa var komt ut hadde meldt sin interesse.




