Siste vegg
I dag har dei reist den siste veggen. So no kan me sjå akkurat kor stort soveromme vårt blir, og korleis forma vert. Det ser veldig bra ut, fin liten krok til å sette senga til Emil har me og.
I tillegg har det kome tak-ess på soverommet vårt, "walk-in-closet" vårt og boden. Elektrikarane har montert alle downlight kassane i stova/kjøkkenet, og ein del stikkontaktar. Han fekk i tillegg jobben med å legge opp nettverk i huset. Skal ha CAT-6 til alle soverom, og begge stovene. Desse skal terminerast i boden i 2 etg.
Dei har starta på arbeidet med å flytte inntakskabelen til vaskerommet, men er ikkje heilt ferdige.
Nok ein dag med mykje nytt altso. Var kome eit lass med sponplate i dag, so kanskje startar dei å plate veggar i morgo? Gledar meg vertfall til å sjå kva dei har dreve med
Første dag med elektrikar
Elektrikarane har jobba litt i 2 etg. i dag. Dei var vist ikkje heile dagen, men hadde no fått gjort ein del. Dei fleste stikkonkaktane, lysbrytarar og taklampe punkt var på plass. Hadde ikkje byrja på downlightar, men i morgo vert dei nok so å sei ferdige i 2 etg.
Røyrleggjaren hadde gjort seg heilt ferdig, so no er det klart til å byrje arbeidet med veggar og golv på bad og vaskerom. So fredag skal dei bestille fliser, so desse måtte me velge ut i kveld. Har valgt å gå for lysegrå 20x20 fliser på golvet, og kvite 20x60 til vegg. Sidan innredning vår vert svart, valde me litt lyst golv. Vil ikkje ende opp med eit mørkt bad.
Valde og ut golvbelegg til vaskerommet. Vart eit heilt vanleg lysegrått, såg litt ut som betong..
Endeleg pris på EL-installasjon
I dag kom det endelege tilbode frå L.E Installasjon. Me landa på 148 punkt, og ein total på:
192 467,-.
Var faktisk litt mindre enn venta..
Med i tilbod er:
• 148 stk punkt
• Sikringskap med 12+(3) jordfeilautomatar OV.56A
• Ringeanlegg
• Varmekablar og termostatar
• Grunnrøyr og jording
• Dokumentasjon
• Antennepunkt er å forstå: røyranlegg med kabel
• Brannvarsling med sentral













