Sindre sin blogg …byggeblogg framover

7Nov/097

Food, Inc

Endeleg kjem det ei lita film anbefaling frå meg igjen. Er nemleg nettopp ferdig med å sjå dokumentarfilmen "Food, Inc", som gjorde eit ganske sterkt inntrykk.

Filmen handlar om matindustrien i USA si mørke side. Filmen syner oss kva som ligg bak hamburgarane me finn hjå f.eks McDonalds. Og eg for min del fann det heile særs interessant!

Dette er ein film som på inga måte prøver å vere objektiv. Ein kan sei filmen er i same stil som Michael Moore sine filmar, men dei prøvde faktisk å syne saka frå begge sider, men ingen av selskapa ville kommentere saka. I mine auge syner dette at dei veit dei ikkje kan forsvare det dei driv med.

Eg vel å tru at matindustrien i Noreg held noko betre stand enn det som er tilfelle i USA, men eg trur likevel eg kjem til å sjå meg om etter økologiske alternativ i framtida.

Terningkast: t5