Sindre sin blogg …byggeblogg framover

29Jan/104

Leilegheit til sals..no solgt!

* OPPDATERING

Etter ein thriller av ein budrunde er no leilegheita solgt. Riktignok var det ikkje meir enn eitt bud, og det heile tok ikkje meir enn ein time, men spanande var det!

Me endte opp med å få 1 530 000,- for leilegheita, og 20 000,- for kvitevare og skåp.

Alt i alt er eg godt fornøgd, og ser fram til å få sving på husplanane!


Då er endeleg annonsa på plass folkens. La budrunden starte :)

Meklaren kunne melde om ei,  som allereie før annonsa var komt ut hadde meldt sin interesse.

15Jan/108

Val av eigendomsmeklar

På planen i dag stod det to avtalar. Kl. 09:00 skulle DnBNOR komme og sjå, og 12:00 skulle GARANTI Eiendomsmegling besøke oss.

Det enda med at avtalen med GARANTI vart avlyst på kort varsel. DnBNOR klarte nemleg å få meg til å skriveunder med ein gong.

At det kostar litt og selgje bustadar var eg klar over, men eg må innrømme det var noko dyrare enn venta:

Grunnpakke markedsføring: kr 6.900,-
Tilrettelegging: kr 9.900,-
Visning pr.gang: kr 1.750,-
Meglerprovisjon: 2.5% (minimum kr 25.000,-)

I tillegg til dette kan det kome meir dersom salet tek meir enn 6mnd, og det er sikkert diverse gebyr eg ikkje har teke med.

Det vert utruleg spanande å sjå korleis responsen vert framover. Håpar verkleg me finn nokon som likar det dei ser, og ikkje minst at meklaren vår Gry gjer ein god jobb.