Sindre sin blogg …byggeblogg framover

15jan/108

Val av eigendomsmeklar

På planen i dag stod det to avtalar. Kl. 09:00 skulle DnBNOR komme og sjå, og 12:00 skulle GARANTI Eiendomsmegling besøke oss.

Det enda med at avtalen med GARANTI vart avlyst på kort varsel. DnBNOR klarte nemleg å få meg til å skriveunder med ein gong.

At det kostar litt og selgje bustadar var eg klar over, men eg må innrømme det var noko dyrare enn venta:

Grunnpakke markedsføring: kr 6.900,-
Tilrettelegging: kr 9.900,-
Visning pr.gang: kr 1.750,-
Meglerprovisjon: 2.5% (minimum kr 25.000,-)

I tillegg til dette kan det kome meir dersom salet tek meir enn 6mnd, og det er sikkert diverse gebyr eg ikkje har teke med.

Det vert utruleg spanande å sjå korleis responsen vert framover. Håpar verkleg me finn nokon som likar det dei ser, og ikkje minst at meklaren vår Gry gjer ein god jobb.