wEee…
I dag kom det ein pakke som har reist heilt i frå Taiwan berre for å møte meg. Eg må sei eg var litt redd for at han hadde sendt meg ein stein, men det heile gjekk veldig bra. Eg måtte diverre betale litt toll på pakken, men det vart kun 300kr. Som alle veit elskar eg å få nye pakkar og opne dei. Sidan eg ikkje er av den egoistiske typen tok eg sjølvsagt nokre bilete av seansen. Vart litt ymse kvalitet på bileta, men dei får duga!
Grunnen til at det tok so langt tid var at Asus har litt leveringsproblem med den versjonen eg hadde bestillt. Til slutt valde eg å takke ja til tilbudet hans om ein 4G med 2GB minne og 8GB minnekort i staden. Det var nok han som tente på det bytte, men eg var lei av å venta. Det vil sei at maskina mi no har: 2GB RAM, 4GB internminne, webkamera og 8GB SD-kort.
Eg har ikkje fått brukt ho so mykje i dag, men Xandros gav meg sjølvsagt problem med ein gong. Det viser seg at ein del linux driverar ikkje likar WPA passord på meir enn 63 tegn, mitt er sjølvsagt 65. Prøvde å fikse problemet sånn som det stod forklart på diverse fora, men det endte med at eg måtte endre passordet på aksesspunktet. Dette fekk meg til å tenkje på kva OS eg skulle ha på denne maskina.
Det ser ikkje ut til at Xandros vert liggjande lenge. Eg vurderar XP, Backtrack 3 eller Kubuntu/Ubuntu. Men eg veit rett og slett ikkje om eg gidd å bruke tid på å sette opp noko Linux...
Til slutt må eg leggje til at maskina var overaskande lita. Eg viste jo sjølvsagt kor lita ho var utifrå bileta og måla, men eg vart framleis overaska...noko eg trur alle som ser han vert. Go natt... Kjem nokk meir i framtida om Eee!