Varmekablar på plass
I dag har elektrikarane vore på tomta og lagt ned alle varmekablane til 1. etg. So no ventar me berre på godt vér og at betongbilen skal ha tid til å kome, noko som truleg skjer denne veka.
Forskaling og støyping av ringmur
Då er ringmuren ferdig. I måro skal det fyllast på med sand inni, for so å legge på isopor.
Me reiser til Bergen for å ha teikne møte med Kvik. So får me håpa me er ferdige med kjøkkenet ein gong for alle
Klargjering til ringmur
I dag vart det køyrt på endå meir stein først og fremst, men på ettermiddagen vart dei nødvendige røyra gravd ned og me laga til singelpute til å sette ringmuren på. So no er alt klart til å sette opp ringmur.
Har teke alt for lite bilete, og med alt for dåreg kamera (iPhone). Men i dag måtte eg hjelpe til med laser for å finne rett høgde, so det var ikkje tid til å ta bilete akkurat.
Første dag med graving
Det byrja bra med at me slapp å skyte vekk noko fjell, men avslutta med nokre overaskningar. Men alt ordnar seg til slutt, og det er jammen godt å endele vere i gong!












