Investering
Eg hadde nokre pengar til overs for ein gong skuld, og var litt i beit med kva eg skulle gjere med dei. Kunne sjølvsagt latt dei stå og godgjere seg på kontoen, men eg er i grunn glad i pengar og renta er ikkje mykje og skryte av.
Byrja derfor og sjå på om eg skulle kjøpe meg nokre aksjar. Og hadde vell eigentleg bestemt meg for og kjøpe litt i Telenor, men pga. usikkerheita med India kunne avkastning ha late vente på seg.
Eg har jo allereie litt pengar i Skagenfondene, og kunne sjølvsagt plassert litt meir på den kontoen, men avkastninga so langt har ikkje vore enorm.
Til slutt kom eg på den glimrande BSU ordninga me har her i landet. Og eg hadde ikkje satt inn noko pengar endå, so då fann eg ut at dette ville vere den beste investeringa for meg denne gongen.
Nordnet rakk sjølvsagt og sende meg papira for ein konto hjå dei, so kanskje det vert nokre langsiktige aksjekjøp i tillegg