Sindre sin blogg …byggeblogg framover

18jan/100

Korleis nå fleire med bloggen din: SEO

Å prøve og få fleire lesarar har vore eit langsiktig prosjekt for meg. Når eg starta bloggen min for 4 år sidan var

Noko av det folk har søkt på når dei kjem til bloggen min

det kun for og underhalde dei næraste rundt meg. Responsen var i grunn ganske god, noko som har gjort at eg framleis bloggar i ny og ned.

Men det vert litt keisamt i lengda med lat oss seie 10 lesarar, vertfall synes eg det. So eg har den siste tida tenkt litt over korleis eg kan skaffe meg fleire lesarar.

Å skaffe seg faste lesarar er ein vanskeleg kunst, men tilfeldige lesarar er noko enklare, og det er det eg har prøvd.

1. Første steg for meg var å slutte å skrive dialekt. Eg valde å gå for nynorsk. Eit betre val hadde nok vore engelsk dersom ein er på jakt etter endå fleire lesarar.

2. Neste steg var å bli flinkare til å bruke merkelappar på (tags) innlegga mine, og innføre fleire kategoriar.

3. Prøve å blogge meir regelmesig, målet er jo at det skal vere noko nytt kvar gong ein besøkjer sida.

4. Benytte seg av tenestar som Twingly. Ein del har sikkert sett lenkjer til relevante blogginnlegg under VG Nett sine artiklar f.eks.

5. Prøve og utforme tittelen på innlegga som søkeord. Sånn at når folk søker etter noko relevant dukkar bloggen min opp.

6. Ikkje minst bør ein benytte seg av SEO plugins til bloggen som f.eks Google XML Sitemaps og All in one SEO pack.

Alt dette går eigentleg under det som har fått forkortninga SEO: Search engine optimization.

Eg gjorde eit ganske vellukka forsøk på å få inn nokre lesarar etter TV2 Hjelper deg denne veka. Eg var raskt ute med eit relevant innlegg, og TV2 nytta Twingly, noko som gjorde at innlegge raskt vart plukka opp. Dette førte til at eg fekk 150% auke i lesarar på dette innlegge :)

Som de ser er det ikkje snakk om mange alikvell, men litt artigt er det uansett.

Det fekk sjølvsagt innverknad på summen av lesarar og.

Tagged as: , , No Comments