Sindre sin blogg …byggeblogg framover

19Feb/085

Kva det kostar med bil

Når eg kjøpte meg bil var eg fullstendig klar over at det ville kosta meg nokre kroner i ny og ned, men at det skulle bli sooo dyrt overaska meg litt.

Bil inkl.omreg.:  75 000
Nye vinterdekk:  5 195
Service:  5 781
Årsavgift:  2 660
Forsikring:  16 000
Totalt:  104 636

Det er mykje peng dette. Servicen eg har vore på vart det og funne ein del feil som ikkje er retta endå, avventar for å sjå kva som vert dekka av garantien. Men eg håpar at utgiftene ikkje kjem til å stige meir, og at eg slepp alt for mykje tull med bilen. For det er faktisk meir enn dyrt nok med ein bil som fungerar.

Tagged as: , 5 Comments
9Dec/074

Min første bil!

Då er bilen komen til Hafslo, og eg reknar med de alle har lyst å sjå nokre bilete av vedunderet!

audi_a3_00.jpg audi_a3_01.jpg audi_a3_02.jpg

audi_a3_03.jpg audi_a3_04.jpg audi_a3_05.jpg

Bilen står no og kosar seg på 15" felgar, til somaren kjem han til å trille rundt på 16". Akkurat no er det kassettspelar i bilen, men denne kjem til å bli bytta innan kort tid. Har litt problem med å bestemme meg for kva eg skal sette inn, men eg har eit par kandidatar: Panasonic CQ-C3355N, Alpine CDE-9881RB.

Eg hadde litt problem over Hemsedal når eg skulle heim til helga, kjem derfor til å invistere i nye vinterdekk trur eg. Kjem då til å gå for testvinnaren til Motor.no, Gislaved Soft Frost 2 (piggfrie).

Ellers er eg nøgd med bilen. Han er god å køyra og ser voldsomt bra ut.

Tagged as: 4 Comments
27Nov/079

Ny bil & jobb

Min nye bil er no ein Audi A3 1.8l 1997 mod. Det tok litt tid, men eg har tru på at dette er eit godt kjøp. Bilen er ikkje gått meir enn 120000km, og sidan eg handlar gjennom forhandlar får eg 3mnd garanti. Eg har ikkje vert å sett eller prøvd bilen, men eg har prøvd A3 før og reknar med det er mykje likt. Min far var innom for å sjå bilen på veg til Gol i dag, og han sa alt såg bra ut!
Eg er sjølvsagt veldig spent på min første bil, og håpar at eg får ordna alt til fredag sånn at eg kan køyre han heim. Dei har ikkje klart å leggje ut bilete av bilen, men eg skal SJØLVSAGT ta bilde når eg får henta han. Dette vert knall..håpar eg! ;)

Men eg har meir nytt eg! ...Ny jobb! Eg er straks ferdig med siviltenesta mi, og har tenkt å arbeide fram til eg skal studera. Aker Universitetssykehus har tilbydd meg jobb, men det har og Avery Dennison NTP AS. Eg takka ja til den siste. Det var fleire grunnar til dette; Jobben virka meir variert og spennande, det er eit mindre føretak, eg får flytte heim og avdelinga virka samde om mange vesentlege ting.
Min dimmisjonsdato er 16.01.2008, men eg kjem til å søkje førtidsdimmitering pga. jobb. Grunnen til dette er at IT-avdelinga på Paxar skal starte opp med eit prosjekt 02.01.2008.
Eg håpar og trur eg kan få ei lærerik tid på Paxar, og kven veit kor lenge eg vert verande der... ;)

* Takk til alle som har vore til hjelp med å finne bil!

Tagged as: , 9 Comments
19Nov/0712

Kjøp av bil

Uff.. Bil.. Uff..Eg har no finne ut at eg treng ein bil. Før trudde eg at å kjøpe bil var ein morosam prosess, eg tok feil! Det viser seg blant anna at forsikringsselskap ikkje er koselege, eg trur dei helst vil sjå at eg går konkurs. Men folkens eg treng hjelp! Kva bil skal eg kjøpe?

Eg kan tenkje meg å bruke 40-70 000. Til no har eg sett på Corolla, Civic, Golf og S40. Er det nokre andre eg bør sjå på? Ulempe/fordelar med desse? Eg treng hjeeeeeeeeeeelp!

Tagged as: 12 Comments