Eeein liten oppdatering
Har fått brukt den nye maskina mi litt no, og tenkte eg skulle kome med nokre erfaringar og synspunkt.
Operativsystemet som følgte med forsvant fort. Da e rett å slett ubrukle før litt avanserte brukara. Eg endte opp me å innstallera XP, noko som fungerte supert! Eg laga meg og ein minnepenn med BackTrack 3 på, og dei siste dagane er det denne eg har nytta mest. Eg kjem derfor til å erstatte XP med BT3 snarast. So då vart det faktisk Linux til slutt
Det er mange som er litt skeptisk til tastature på maskina når dei ser ho, noko eg skjønnar voldsomt godt. Men det går faktisk voldsomt greit å skriva på maskina, eg skriv på ho no.. Dei som må sjå på tastane når dei skriv vil kanskje få litt problem i starten.
Større skjerm hadde sjølvsagt vore fint, men eg tykkjer skjermen fungerar fint. Er faktisk veldig bra baklys i skjermen, og kvaliteten frå det innebyggde kameraet er upåklagleg.
Det einaste eg har å utsetje på maskina so langt er at sensoren i batteriet er voldsomt dårleg. Dette gjer at operativsystema får store problem med å vise rett batteriinformasjon. Det fine er at LED-lyse på maskina allti vise rett, og vise tydleg med eit orange blinkande lys når det byrjar å skrante på straumen.
Eg hadde med maskina mi til Gol på ein familietur, og heile familien vart i grunn forelska i maskina... Eg måtte faktisk heve stemma mi for at enkelte familiemedlem skulle halde seg vekke!
wEee…
I dag kom det ein pakke som har reist heilt i frå Taiwan berre for å møte meg. Eg må sei eg var litt redd for at han hadde sendt meg ein stein, men det heile gjekk veldig bra. Eg måtte diverre betale litt toll på pakken, men det vart kun 300kr. Som alle veit elskar eg å få nye pakkar og opne dei. Sidan eg ikkje er av den egoistiske typen tok eg sjølvsagt nokre bilete av seansen. Vart litt ymse kvalitet på bileta, men dei får duga!
Grunnen til at det tok so langt tid var at Asus har litt leveringsproblem med den versjonen eg hadde bestillt. Til slutt valde eg å takke ja til tilbudet hans om ein 4G med 2GB minne og 8GB minnekort i staden. Det var nok han som tente på det bytte, men eg var lei av å venta. Det vil sei at maskina mi no har: 2GB RAM, 4GB internminne, webkamera og 8GB SD-kort.
Eg har ikkje fått brukt ho so mykje i dag, men Xandros gav meg sjølvsagt problem med ein gong. Det viser seg at ein del linux driverar ikkje likar WPA passord på meir enn 63 tegn, mitt er sjølvsagt 65. Prøvde å fikse problemet sånn som det stod forklart på diverse fora, men det endte med at eg måtte endre passordet på aksesspunktet. Dette fekk meg til å tenkje på kva OS eg skulle ha på denne maskina.
Det ser ikkje ut til at Xandros vert liggjande lenge. Eg vurderar XP, Backtrack 3 eller Kubuntu/Ubuntu. Men eg veit rett og slett ikkje om eg gidd å bruke tid på å sette opp noko Linux...
Til slutt må eg leggje til at maskina var overaskande lita. Eg viste jo sjølvsagt kor lita ho var utifrå bileta og måla, men eg vart framleis overaska...noko eg trur alle som ser han vert. Go natt... Kjem nokk meir i framtida om Eee!
Kven er CHING FENG YANG? Og kvifor tek han 3 137,13 kr frå meg?
Ja, dette lurer eg på. No har akkurat ein mann med det fengjande namnet CHING FENG YANG (eit lite "ordspel" der ja) teke denne summen frå meg. Det tek vell nokre timar før han får summen sidan han har adresse i Taiwan, men pengane har i alle fall forsvunne frå min konto.
Mange av dykk lurer nok på kvifor eg har gjeve denne mannen alle desse pengane, men dei fleste av dykk gjer nok ikkje det...Uansett.. Det er mogleg at eg har utført eit aldri so lite spontan kjøp i kveld. Eg er no nemleg den lukkelege eigaren av ein Asus Eee. Det vil sei eg har betalt for han, og håpar denne flotte mannen frå Taiwan er snill og sender ein til meg.
Asus Eee er ein berbar-PC, men det er ikkje ein typisk berbar-PC. Han veg nemleg kun 0,92kg, og er ikkje mykje større enn eit DVD-cover. Eee kjem i fleire versjonar, eg har handla den beste som kjem med 8GB "harddisk" og 1GB med minne. Skjermen er på 7" og har integrert webkamera. Ein spenstig liten krabat med andre ord!
Legg ved nokre bilete sånn at alle kan sjå kor sinnsjukt lita denne maskina er. Kjem sjølvsagt til å leggje ut mine eigne bilete når min kjem.


Bileta er henta frå: http://www.flickr.com/photos/eeeuser/