Sindre sin blogg …byggeblogg framover

17Jan/094

HadEee

Då har akkurat min Asus Eee 1000h forlete meg. Det var eit kort forhold me hadde, men det var nok til det beste for oss begge.

Kjem tilbake med meir om kvifor eg skiftar PC nok ein gong når den nye er på plass :)

2Dec/087

Asus EEE 1000H i bruk

Ja, Joar. I dag kjem det! =)

Først og fremst: Det går absolutt og nytte 1000H som sin einaste PC.

Skjerm:
Skjermen er fantastisk lyssterk, betre enn gamle MacBooken min. Denne har i tillegg matt skjerm, noko eg ser som ein fordel.
Oppløysinga er heilt klart i minste laget, men det meste av internett fungerar framleis veldig bra i 1024, og sjølv om det hadde vore fint med nokre fleire pikslar, er det ikkje noko eg irriterar meg over.
Størrelsen på skjermen vil eg sei er optimal.

Lyd:
Lyden er veldig høg og eg syns han er klar og fin. Det er sjølvsagt null bass, men det  er stort sett norma for portable PC-ar. Har ikkje testa mikrofonane, men det er stereo, og er plassert fint under skjermen, noko som vil forhindre den verste feedbacken.

Tastatur:
Det kjem seg... Shift tasten til høgre plagar framleis livet av meg, men resten av tastaturet er eg no vand med. Føler ikkje at det er tastaturet som begresar farta eg no skriv i. Har heller ikkje merka at det vert ubehagleg og skrive i lengre periodar.

Mus:
Multitouch set eg framleis pris på, at eg kan bruke to fingrar til å høgreklikke som på Mac-en er fantastisk. Eg kan og nytte meg av tre fingrar til å gå fram og tilbake i Firefox f.eks.
Knappane på musa er forferdelege, men eg er vand med å trykka på touchpadden, og nyttar sjeldan knappane.

Batteri:
På første ladinga varde batteriet i 7 timar trur eg, men etter dette har det vore skralt syns eg. Har ikkje sett på klokka for å måle akkurat, men eg vil tru 3-4 timar. Vurderar og sende ein e-post å spørje etter nytt batteri, for dei fleste melder om betre enn det eg har. Elles går det forholdsvis fort og lade maskina, og batteritida vert ganske nøyaktig sendt til Windows.

Webkamera:
Har ikkje testa dette, men eg vil tru det fungerar meir enn godt nok.

Trådlaust:
Kan melde om gode signal, og rask overføring. Har ikkje opplevd noko problem med WLAN.

Vekt:
Maskina kunne med fordel vore nokre gram lettare, men ho er absolutt  portabel. Dei har vald og bruke 2.5" HD f.eks, her kunne dei godt ha brukt 1.8".

Støy:
Vifta på mi maskin går stortsett konstant, men ein legg ikkje merke til ho. Mjuk og låg lyd.

LED:
ASUS har som vanleg plassert alle LED sånn at dei plagar meg. Eg syns dei lyser litt for sterkt, men dette kan eg fikse med tusj eller teip.

Ytelse:
Eg brukte maskina den første veka med 1GB RAM. Dette fungerte faktisk heilt fint, og eg merka eigentleg ikkje at det bremsa systemet. Køyrer no med 2GB RAM, og ytelsen er meir en god nok for meg.
Det eg køyrer samstundes kvar dag er: Firefox, Visual C# Express (2-3 prosjekt), Notepad++, mIRC, Digsby, NewsGator og AVG.
skjermdump_1000h 
Sånn ser skjemen min ut no, og alt går knirkefritt. Merkar ikkje noko ytelseproblem når eg jobbar med dette. Kompilering av kode, går og kjapt og fint!

Konklusjon:
Alt i alt er eg svært nøgd med handelen, og kjem nok ikkje til å skaffe meg ein ekstra PC. Skjermen kan bli i miste laget til enkelte oppgåver, men ein får jo 22" LCD til under 2 000,- om dagen... Spring og kjøp folkens!