Sindre sin blogg …byggeblogg framover

17jan/1015

Slå av data/EDGE/GPRS på iPhone

Operatørane i Noreg tek framleis horible summar for datatrafikk i mobilnetta sine. Dersom ein har iPhone er sjansen stor for at ein nyttar ein heil del 3G/EDGE/GPRS utan at ein er klar over det. Dvs. ein merkar det når rekniga kjem.

For min eigen del vart det ikkje ei alvorleg stor rekning, men nokre hundrelappar vart det. Noko av trafikken var nok sjølvforskyldt, men mykje av det var eg ikkje klar over at eg hadde nytta.

På iPhone kan ein skru av 3G svært enkelt, men EDGE/GRPS er ikkje like intuitivt. For og skru av dette må ein bytte ut leverandør instillingane med sine eigne. Heldigvis har nokre smarte folk laga ei eige side for og gjere akkurat dette. So om du besøker www.unlockit.co.nz frå din iPhone skjer det heile meir eller mindre automatisk.

* Dette vil løyse problemet VG.no i dag skriv om.