Min nye PC
I går vart min Asus Eee seld, og ein HP 2133 Mini-Note pakka opp. Eg kunne eigentleg tenkt meg og behalde Eee’n og, men eg måtte tenkje litt økonomi oppi det heile. For eg var i grunn nøgd med maskina, men det var heilt klart rom til forbetring. Og mange av tinga har HP retta på med sin ”Eee”.
Maskina vart levert med Vista Home Basic, og det var det eg nytta i dei første minutta J Denne maskina er ikkje noko kraftmonster, og Vista er nok litt for mykje for ein liten mini-note. Eg har no satt opp maskina på nytt med XP i dag, og eg er forelska.
Mini-Note har større skjerm, større og betre tastatur, harddisk og express card slot. Skjermen er mykje betre enn på Eee. Oppløysinga er på heile 1280x768, noko som gjer at eg kan surfe på internett å sjå akkurat det same som stort sett alle andre.
Tastaturet er i følgje HP 92% av eit vanleg laptop tastatur, noko som gjer at eg kan skrive på det utan problem. Eg hadde ikkje store problem på Eee heller, men det trengst litt meir tilvenning på Eee enn 2133. Kvalitetsfølelsen på HP sitt tastatur ligg fleire klassar over det Asus leverar.
Det med harddisk er ein smaksak. Eg klarte meg fint med 4GB på Eee, men det sett jo ein del begrensingar, og eg ser no at det er betre med harddisk. Når prisane på SSD går litt ned, kan eg jo bytte til det.
HP 2133 ser svært elegant ut, og med delar av maskina i alumin
ium er byggkvaliteten milevis framfor det Asus leverar.
Men heller ikkje HP 2133 er perfekt… Maskina kunne vore kjappare, musa har knappane på sida (krev litt tilvenning), maskina blir og litt for varm.
Men denne type maskiner er framleis veldig nye, og eg er ikkje i tvil om at dei kjem til å bli veldig populære når kanskje 3 generasjonen kjem.
For det er meir som er bra enn dårleg på maskina. Flott skjerm, godt tastatur, svært god lyd, godt nok kamera, god plassering av portar og lysdiodar, perfekt størrelse og nydeleg design. Til dei av dykk som vurderar denne type maskina kan eg trygt anbefale HP Mini-Note.



