19feb/085
Kva det kostar med bil
Når eg kjøpte meg bil var eg fullstendig klar over at det ville kosta meg nokre kroner i ny og ned, men at det skulle bli sooo dyrt overaska meg litt.
Bil inkl.omreg.: 75 000
Nye vinterdekk: 5 195
Service: 5 781
Årsavgift: 2 660
Forsikring: 16 000
Totalt: 104 636
Det er mykje peng dette. Servicen eg har vore på vart det og funne ein del feil som ikkje er retta endå, avventar for å sjå kva som vert dekka av garantien. Men eg håpar at utgiftene ikkje kjem til å stige meir, og at eg slepp alt for mykje tull med bilen. For det er faktisk meir enn dyrt nok med ein bil som fungerar.