Sindre sin blogg …byggeblogg framover

9mar/112

Og no har me glaskarmar

8mar/110

No skjer det ting igjen!

Denne veka kjem det til å skje mykje. Dei skal jobbe i huset vårt heile veka frå og med i dag.

I dag fekk dei plata heile stova og kjøkkenet. Utover i veka vert truleg baderomsinnredninga montert og golvet på soveromma lagt. So dette ligg an til å bli ei utruleg bra veke!

Har gjort nokre små endringar på vaskerommet rett før me skal bestille det. Har endra eine skåpe til skuffar, og endra benkeplata til kvit eik.

2mar/111

iPad 2

Då var iPad 2 lansert, og eg har no endå meir lyst på ein iPad! Det var ikkje noko uventa nytt, men alt eg hadde håpa på er no på plass.

Ein utruleg fiffig funksjon er det nye beskyttelsen dei har kalla "Smart Cover" - GENIALT!

Om nokon har pengar til overs er det berre å bestille seg ein iPad 2. Det hadde vertfall eg gjort!

Tagged as: Continue reading
1mar/112

Sparkling

Tok med oss to småtroll i huset i dag for å sjå om det hadde vore noko aktivitet. Målaren hadde vore innom å sparkla alle romma som var ferdig plata, so det skjer faktisk litt denne veka óg. Baderomsinnredninga var ikkje komen til huset, men håpar dei får han bort snart. Er veldig nyfikne på korleis denne ser ut..

Filed under: Bolig, Livsstil 2 Comments