Sindre sin blogg …byggeblogg framover

7nov/097

Food, Inc

Endeleg kjem det ei lita film anbefaling frå meg igjen. Er nemleg nettopp ferdig med å sjå dokumentarfilmen "Food, Inc", som gjorde eit ganske sterkt inntrykk.

Filmen handlar om matindustrien i USA si mørke side. Filmen syner oss kva som ligg bak hamburgarane me finn hjå f.eks McDonalds. Og eg for min del fann det heile særs interessant!

Dette er ein film som på inga måte prøver å vere objektiv. Ein kan sei filmen er i same stil som Michael Moore sine filmar, men dei prøvde faktisk å syne saka frå begge sider, men ingen av selskapa ville kommentere saka. I mine auge syner dette at dei veit dei ikkje kan forsvare det dei driv med.

Eg vel å tru at matindustrien i Noreg held noko betre stand enn det som er tilfelle i USA, men eg trur likevel eg kjem til å sjå meg om etter økologiske alternativ i framtida.

Terningkast: t5

7apr/082

Litt humor i kvardagen

Det har vore litt tørke på bloggen i det siste. Og eg har eigentleg ikkje noko å skrive om no heller, men det har kome nokre nye side i bokmerkene mine som eg tenkte å dele.

1. Fail Dogs :: Er ei fantastisk side som vert oppdatert fleire gonger i veka. Eg anbefalar alle å bla gjennom alle bileta, fantastisk mykje bra.

2. Cute Overload :: Er ikkje alltid like bra, men absolutt verdt eit besøk når ein har lite å gjere.

3. Dogs In Duds :: Rangeringa er etter kvalitet, og denne sida er ikkje den beste, men absolutt nokre morosame bilete i ny og ned.

Tagged as: 2 Comments
11mar/086

Imponerande «beatbox»

Tagged as: 6 Comments
2okt/073

Poodwaddle

Kem blikje litt nysjerrige me ein sleke tittel?

Poodwaddle.com ha ai voldsomt artige sia: http://www.poodwaddle.com/worldclock.htm
Gao litt ne pao siao dar so adle tali e, å studer litt. Eg tykkje da e mest interessant å sjao pao "NOW".

Filed under: humor 3 Comments