Sindre sin blogg …byggeblogg framover

25mai/093

Bileter av leiligheita

Her er nokre bilete som vart tekne når me var for å ta i mot kvitvarene.

Anbefalar og trykke på det første, for so og trykke på tasten "N" på tastaturet for å bla i gjennom.

KJØKKEN

kjokken01 kjokken02 kjokken03 kjokken04 kjokken05

SOVEROM

soverom01 soverom02 soverom03

BAD

bad01 bad02

STOVA

stove01 stove02 stove03

ALTAN

altan01 altan02

Filed under: Alt mule tull 3 Comments
5okt/087

No kjem snøen

Ja, no er det ikkje lenge til snøen kjem på Galden. Var i Hallrunn på tur i dag, og det var ikkje veldig langt me måtte gå før me fann snø. Var ikkje meir enn 1 grad når eg sto opp i dag. Neste helg må eg nok legge om til vinterdekk....

Filed under: Alt mule tull 7 Comments
3okt/081

Kva har skjedd i det siste?

Lenge sidan eg har kome med noko oppdatering no, og det har jo faktisk skjedd litt.

Denne veka vart det offisielt. Eg kjem ikkje til å fortsette ved Avery Dennison NTP etter kontrakten min er ute. Sjølv om dei kom med eit voldsamt generøst tilbod i går, måtte eg takke nei. Trur eg hadde angra om eg hadde fortsett, og den sjansen vil eg ikkje ta. No får me berre håpe at eg kjem in på førstevale i 2009 og!

Eg ha sjølvsagt klart å bruke litt pengar i det siste, sjølv om fonda mine rasar :p Har endeleg fått på plass surround igjen. Og det enda med at eg kjøpte KEF KHT-3005SE frå USA. Det var ein lang prosess, og mykje styr. Men prisen vart god, og høgttalerane er eg utruleg fornøgd med! Fantastisk kva desse små krabatane klarar.

DSC_2291 (Medium) (2) DSC_2289 (Medium) DSC_2469 (Medium)

Jeanett og eg har til og med bygd eitt hundehus!! Må sei det vart ganske bra og, trur bebuaren trivest godt!

DSC_2225 (Medium)

Svigers har og fått 5 tyske jaktterriar, noko dei alder har avla før. Dette er nokre fantastiske kvelpar, trur dei kan overtale alle til å like hundar!

DSC_2324 (Medium)  DSC_2340 (Medium)

Filed under: Alt mule tull 1 Comment
4jul/084

Varmt på jobb!


Er det lov å ha det so varmt på arbeidsplassen?

Posted by ShoZu

Filed under: Alt mule tull 4 Comments