Skal du flytte til Gjøvik?
Det ser ut til at du no kan kjøpe ein svært flott leilegheit i Gjøvik sentrum til ein utruleg god pris! Han er ikkje lagt ut for salg endå, men dersom me vert einige med ein meklar snart burde han dukke opp på Finn.no.
Det ser ut til at Gjøvik opphaldet vårt vart meir som ein lang ferie enn noko anna. Det enda jo med at me begge slutta på skulen, og starta å arbeide. Eg har faktisk gått til det stege at eg har levert oppseiinga mi til Telenor, og me vil avslutte vårt kort varige forhold i månadsskifte februar-mars.
Med dette er eg då tilbake i 100% stilling hjå NTP fram til sumaren.
Kjem truleg til og søke meg inn på "Økonomi og administrasjon" studie ved HiSF.
Går med andre ord ei spanande tid i møte. Salet av leilegheita vil prege korleis kvardagen vert tilbake på Hafslo. Hadde jo vore kjekt om ein kunne ha skaffa seg eit lite hus eller noko, men truleg endar det med at me må leige noko.
No har EG fått iPhone
Og so langt er eg kjempe fornøgd. Eg bloggar faktisk frå senga med iPhone no
Ny hund igjen
Ja, den førre hunden reiste jo tilbake til Hafslo. Noko som førde til at me faktisk var hundefrie nokre veker, men det gjekk ikkje lenge før ein ny hårball var på plass.
For når me var heime på Hafslo helga som var, tok me jammen med oss ein hund tilbake. Denne gongen er det Dixi som har flytta inn, som bileta viser har ho funne seg godt til ro:
Eg har kjøpt iPhone…
...til Jeanett.
Jeanett har hat gebursdag, og til den fekk ho ein ny mobil. Eg har jo sjølv hat lyst på iPhone sidan han først vart lansert, men har alder spandert ein på meg. Og no når eg først kjøpte ein, var han ikkje ein gong til meg.
Modellen ho fekk er iPhone 3G 8GB.
Men som alle investorar vil eg sjølvsagt ha litt kontroll på investeringa mi. Eg har med andre ord leikt ein heil del med telefonen. Og ja, eg er forelska!
Det er ein del negativt ein kan sei om Apple sin telefon, men det er endå meir og like ved han.
Når det gjeld trykkfølsom skjerm har Apple den beste eg har brukt til no, og alt av menyar er utruleg enkelt og navigere gjennom med fingrane.
Men det verkleg revolusjonerande med iPhone er "App Store". Dette er ei vevside dei har laga til for nedlasting og kjøp av program/spel til iPhone. Her finn ein eit enormt utval, mykje bra er gratis, og vel ein og bruke litt pengar får ein ei mobiloppleving ingen anna telefon kan måle seg med.
Eg skal halde det litt kort no, for eg kjem nok til bake med meir. For det er nok ikkje lenge til eg bestiller meg ein iPhone 3GS 16GB






