Korleis nå fleire med bloggen din: SEO
Å prøve og få fleire lesarar har vore eit langsiktig prosjekt for meg. Når eg starta bloggen min for 4 år sidan var
det kun for og underhalde dei næraste rundt meg. Responsen var i grunn ganske god, noko som har gjort at eg framleis bloggar i ny og ned.
Men det vert litt keisamt i lengda med lat oss seie 10 lesarar, vertfall synes eg det. So eg har den siste tida tenkt litt over korleis eg kan skaffe meg fleire lesarar.
Å skaffe seg faste lesarar er ein vanskeleg kunst, men tilfeldige lesarar er noko enklare, og det er det eg har prøvd.
1. Første steg for meg var å slutte å skrive dialekt. Eg valde å gå for nynorsk. Eit betre val hadde nok vore engelsk dersom ein er på jakt etter endå fleire lesarar.
2. Neste steg var å bli flinkare til å bruke merkelappar på (tags) innlegga mine, og innføre fleire kategoriar.
3. Prøve å blogge meir regelmesig, målet er jo at det skal vere noko nytt kvar gong ein besøkjer sida.
4. Benytte seg av tenestar som Twingly. Ein del har sikkert sett lenkjer til relevante blogginnlegg under VG Nett sine artiklar f.eks.
5. Prøve og utforme tittelen på innlegga som søkeord. Sånn at når folk søker etter noko relevant dukkar bloggen min opp.
6. Ikkje minst bør ein benytte seg av SEO plugins til bloggen som f.eks Google XML Sitemaps og All in one SEO pack.
Alt dette går eigentleg under det som har fått forkortninga SEO: Search engine optimization.
Eg gjorde eit ganske vellukka forsøk på å få inn nokre lesarar etter TV2 Hjelper deg denne veka. Eg var raskt ute med eit relevant innlegg, og TV2 nytta Twingly, noko som gjorde at innlegge raskt vart plukka opp. Dette førte til at eg fekk 150% auke i lesarar på dette innlegge
Skal du flytte til Gjøvik?
Det ser ut til at du no kan kjøpe ein svært flott leilegheit i Gjøvik sentrum til ein utruleg god pris! Han er ikkje lagt ut for salg endå, men dersom me vert einige med ein meklar snart burde han dukke opp på Finn.no.
Det ser ut til at Gjøvik opphaldet vårt vart meir som ein lang ferie enn noko anna. Det enda jo med at me begge slutta på skulen, og starta å arbeide. Eg har faktisk gått til det stege at eg har levert oppseiinga mi til Telenor, og me vil avslutte vårt kort varige forhold i månadsskifte februar-mars.
Med dette er eg då tilbake i 100% stilling hjå NTP fram til sumaren.
Kjem truleg til og søke meg inn på "Økonomi og administrasjon" studie ved HiSF.
Går med andre ord ei spanande tid i møte. Salet av leilegheita vil prege korleis kvardagen vert tilbake på Hafslo. Hadde jo vore kjekt om ein kunne ha skaffa seg eit lite hus eller noko, men truleg endar det med at me må leige noko.
No har EG fått iPhone
Og so langt er eg kjempe fornøgd. Eg bloggar faktisk frå senga med iPhone no
Ny hund igjen
Ja, den førre hunden reiste jo tilbake til Hafslo. Noko som førde til at me faktisk var hundefrie nokre veker, men det gjekk ikkje lenge før ein ny hårball var på plass.
For når me var heime på Hafslo helga som var, tok me jammen med oss ein hund tilbake. Denne gongen er det Dixi som har flytta inn, som bileta viser har ho funne seg godt til ro:






