iPhone bilholdar
For nokre veker sidan vart eg kontakta av ei dame frå MyTrendyPhone. Ho lurte på om eg var interissert i å teste noko iPhone tilbehør frå dei. Eg fekk då velge mellom 4 forskjellige ting. Sidan eg akkurat hadde kjøpt meg NAVIGON GPS til iPhonen min valde eg ein bilholdar.
Og på laurdag kom det ein liten pakke til meg. Det viste seg at pakken hadde fått ein del juling, so eg var noko skeptisk når eg opna han. Heldigvis hadde han overlevd turen, og dette tyar vertfall på at bilholdaren tåler ein støyt.
Har brukt han litt i helga, og til ein so låg pris, 125 kr, er dette absolutt eit bra kjøp. Bilholdaren har veldig gode justeringsmoglegheiter, og sugekoppen heng godt fast i glase.
Einaste eg har og utsette på denne pakken er 12V kontakten på ladaren. Denne sitt noko laust i min bil, men dette har eg opplevd med mykje anna utstyr og, so det kan berre vere bilen min. Uansett so set han godt nok, og han har ein LED som indikerar om han har straum eller ikkje.
Alt i alt eit godt kjøp til dei som vil nytte sin iPhone som GPS.
Slå av data/EDGE/GPRS på iPhone
Operatørane i Noreg tek framleis horible summar for datatrafikk i mobilnetta sine. Dersom ein har iPhone er sjansen stor for at ein nyttar ein heil del 3G/EDGE/GPRS utan at ein er klar over det. Dvs. ein merkar det når rekniga kjem.
For min eigen del vart det ikkje ei alvorleg stor rekning, men nokre hundrelappar vart det. Noko av trafikken var nok sjølvforskyldt, men mykje av det var eg ikkje klar over at eg hadde nytta.
På iPhone kan ein skru av 3G svært enkelt, men EDGE/GRPS er ikkje like intuitivt. For og skru av dette må ein bytte ut leverandør instillingane med sine eigne. Heldigvis har nokre smarte folk laga ei eige side for og gjere akkurat dette. So om du besøker www.unlockit.co.nz frå din iPhone skjer det heile meir eller mindre automatisk.
* Dette vil løyse problemet VG.no i dag skriv om.







