Sindre sin blogg …byggeblogg framover

3Feb/093

Discovering Visual DataFlex

hengelo-20Eg er då på eit 5 dagars kurs i Visual DataFlex 14.0.  Truleg har ingen av dykk høyrt om Visual DataFlex, men det er faktisk eit programmeringsspråk på linje med C#, C++, VisualBasic, osv. Men VDF er spesialisert, og er laga for å kunne sette saman database applikasjonar raskt og effektivt. Skal du lage noko som ikkje jobbar mot ein database, kan du finne noko anna å bruke med ein gong. Dømer på applikasjonar VDF passar til er: ordresystem, timregistrering, inventar, osv.

Som nokon kanskje har forstått er det dette NTP sitt ordresystem er skrive i. VDF er eit svært gamalt språk, noko eg meinar ein tydleg kan sjå på syntaksen. Vis me samanliknar med C# f.eks som eg og leikar meg med, vil ein skrive dette:

int telephoneNumber = 99999999;

Skal ein gjere det same i VDF, vil det sjå sånn ut:

Integer iTelephoneNumber
Move "99999999" to iTelephoneNumber

Dette var eit enkelt døme for å vise litt av forskjellen.

Det har med andre ord vore nokre harde dagar. Me byrjar ca.09:00 og driv på til 17:00, då har me kun lunsj pause, ingen små pausar. Og eg for min del syns det er mykje teori, og litt for lite øvingar. Men dei øvinga me har er lagt opp på ein veldig god måte syns eg. Ofte på kurs vil ein berre følgje ein guide når ein skal gjere øvingar, men her får ein ei oppgåve, åso må ein finne løysinga sjølv. F.eks var eine oppvåva i går at me skulle lage ein funksjon som tok i mot eit "array" med namn, og reverserte det, utan å bruke den innebygde "Reverse_Array" funksjonen. Spennande og utfordrande.
I dag byrja me og jobbe med databasar, og då var eine oppgåva å skrive ein prosedyre som sletta alle "Avdelingar" som ikkje hadde noken "Ansatte".

Men sjølv om det heile er litt rart og uvant går det faktisk ikkje so verst. Av dei tre som er på kurs er det eg som har fått til flest av øvingane, og han eine studerar faktisk programmering på skulen. Det går vertfall i bra tempo. Boka vår er på 600 side, og me er no ferdige med 200. Men no må eg nesten lese litt på det me gjekk i gjøno i dag, for me får faktisk lekse og nesten. Noko som fører til at det ikkje vert mykje fritid på denne turen, noko som er synd for Hengelo er faktisk ein voldsomt koseleg liten plass.

Til slutt vil eg avslutte med ein liten kodesnutt som tek namnet mitt "Sindre Johannessen" og delar fornamnet og etternamnet inn i kvar sin streng.

String sName sFirstName sLastName
Integer iLength iPos

Move "Sindre Johannessen" to sName // Asigns the string to sName
Move (Length(sName)) to iLength // Finds the length of sName and assign it to iLength
Move (Pos(" ", sName)) to iPos // Finds the position of the space between the first and lastname
Move (Mid(sName, iPos, 1)) to sFirstName
Move (Mid(sName, (iLength-iPos), iPos+1)) to sLastName
Showln sFirstName // Prints sFirstName to debug window
Showln sLastName // Prints sLastName to debug window
Sleep 5 // Sleeps 5 seconds to view the debug window

27Jan/098

MacBook “unibody” førsteintrykk

I går kom den nye maskina mi. Og det var kanskje ikkje nokon overrasking at det var ein ny Mac eg hadde bestilt. Og til alle som vurderar å kjøpe ein Mac, ikkje bestill han frå Apple.no. Maskina vert sendt frå utlandet, og leveringstida vert lengre..for lang!

Uansett, maskina kom fram til slutt. Og eg var sjølvsagt like beigeistra som eg er kvar gong noko nytt dukkar opp. Det er ikkje tvil om at å pakke opp Apple produkt er ei oppleving. Alt er minimalistisk og stilreint, sånn som eg likar det. Og første syn av maskina skuffa ikkje, det er ein nydeleg maskin!

MacBook Unibody
Det er ein del nytt på denne modellen eg har kjøpt, som er den dyraste. Han har fått LED skjerm, det meste som var plast er no aluminium, touchpadden er av typen multitouch og har ingen knappar, det er lys i tastaturet, betre skjermkort, større harddisk, elles er det småting. Det er framleis ei ganske tung maskin, men ho har slanka seg litt i det minste, og ho ser no betre ut enn nokon gong.

So langt er det berre velstand med den nye maskina, og me får håpe at dette vert eit langvarig forhold.

17Jan/094

HadEee

Då har akkurat min Asus Eee 1000h forlete meg. Det var eit kort forhold me hadde, men det var nok til det beste for oss begge.

Kjem tilbake med meir om kvifor eg skiftar PC nok ein gong når den nye er på plass :)

2Dec/087

Asus EEE 1000H i bruk

Ja, Joar. I dag kjem det! =)

Først og fremst: Det går absolutt og nytte 1000H som sin einaste PC.

Skjerm:
Skjermen er fantastisk lyssterk, betre enn gamle MacBooken min. Denne har i tillegg matt skjerm, noko eg ser som ein fordel.
Oppløysinga er heilt klart i minste laget, men det meste av internett fungerar framleis veldig bra i 1024, og sjølv om det hadde vore fint med nokre fleire pikslar, er det ikkje noko eg irriterar meg over.
Størrelsen på skjermen vil eg sei er optimal.

Lyd:
Lyden er veldig høg og eg syns han er klar og fin. Det er sjølvsagt null bass, men det  er stort sett norma for portable PC-ar. Har ikkje testa mikrofonane, men det er stereo, og er plassert fint under skjermen, noko som vil forhindre den verste feedbacken.

Tastatur:
Det kjem seg... Shift tasten til høgre plagar framleis livet av meg, men resten av tastaturet er eg no vand med. Føler ikkje at det er tastaturet som begresar farta eg no skriv i. Har heller ikkje merka at det vert ubehagleg og skrive i lengre periodar.

Mus:
Multitouch set eg framleis pris på, at eg kan bruke to fingrar til å høgreklikke som på Mac-en er fantastisk. Eg kan og nytte meg av tre fingrar til å gå fram og tilbake i Firefox f.eks.
Knappane på musa er forferdelege, men eg er vand med å trykka på touchpadden, og nyttar sjeldan knappane.

Batteri:
På første ladinga varde batteriet i 7 timar trur eg, men etter dette har det vore skralt syns eg. Har ikkje sett på klokka for å måle akkurat, men eg vil tru 3-4 timar. Vurderar og sende ein e-post å spørje etter nytt batteri, for dei fleste melder om betre enn det eg har. Elles går det forholdsvis fort og lade maskina, og batteritida vert ganske nøyaktig sendt til Windows.

Webkamera:
Har ikkje testa dette, men eg vil tru det fungerar meir enn godt nok.

Trådlaust:
Kan melde om gode signal, og rask overføring. Har ikkje opplevd noko problem med WLAN.

Vekt:
Maskina kunne med fordel vore nokre gram lettare, men ho er absolutt  portabel. Dei har vald og bruke 2.5" HD f.eks, her kunne dei godt ha brukt 1.8".

Støy:
Vifta på mi maskin går stortsett konstant, men ein legg ikkje merke til ho. Mjuk og låg lyd.

LED:
ASUS har som vanleg plassert alle LED sånn at dei plagar meg. Eg syns dei lyser litt for sterkt, men dette kan eg fikse med tusj eller teip.

Ytelse:
Eg brukte maskina den første veka med 1GB RAM. Dette fungerte faktisk heilt fint, og eg merka eigentleg ikkje at det bremsa systemet. Køyrer no med 2GB RAM, og ytelsen er meir en god nok for meg.
Det eg køyrer samstundes kvar dag er: Firefox, Visual C# Express (2-3 prosjekt), Notepad++, mIRC, Digsby, NewsGator og AVG.
skjermdump_1000h 
Sånn ser skjemen min ut no, og alt går knirkefritt. Merkar ikkje noko ytelseproblem når eg jobbar med dette. Kompilering av kode, går og kjapt og fint!

Konklusjon:
Alt i alt er eg svært nøgd med handelen, og kjem nok ikkje til å skaffe meg ein ekstra PC. Skjermen kan bli i miste laget til enkelte oppgåver, men ein får jo 22" LCD til under 2 000,- om dagen... Spring og kjøp folkens!