Sindre sin blogg …byggeblogg framover

2mar/111

iPad 2

Då var iPad 2 lansert, og eg har no endå meir lyst på ein iPad! Det var ikkje noko uventa nytt, men alt eg hadde håpa på er no på plass.

Ein utruleg fiffig funksjon er det nye beskyttelsen dei har kalla "Smart Cover" - GENIALT!

Om nokon har pengar til overs er det berre å bestille seg ein iPad 2. Det hadde vertfall eg gjort!

Tagged as: Continue reading
10des/100

WikiLeaks

Det er mange meiningar rundt det WikiLeaks har gjort, og korleis dei har gjort det. Men det som gjorde saken meir interesant for min eigen del var når hacktivist gruppa Anonymous vart involvert.

Dei kom på bana etter at Assange vart arrestert og det som følgde: PayPal valde å stenge kontoen til WikiLeaks, VISA og MasterCard stoppe alle transaksjonar til WikiLeaks og ikkje minst valde den Sveitsiske banken PostFinance og stenge kontoen deira. WikiLeaks hevdar sjølve at dei har tapt 100 000 euro (800 000 kr) i midlar dei siste dagane.

Anonymous som tidlegare har vist at dei har kontroll over store botnet starta no ein kampanje for å hevne seg på dei som gjorde livet vanskeleg for WikiLeaks.

Dei bestemte seg blant anna for å angripe PayPal sin betalingsserver og hovudside, som har vore nede i mange timar. Det utrulege er at PayPal har no bestemt seg for å opne kontoen igjen, sånn at WikiLeaks kan hente ut midlane sine. Dei gir med andre ord etter for trykket. Fantastisk.

Litt spesielt er det at dei og skriv av anngrepa har hatt liten innverknad på bloggen i eit innlegg etterpå. Vil tru dei har tapt nokre millionar, men det er kanskje lite for PayPal.. Anonymous nådde vertfall fram :)

Eg klarar å nå både VISA og MasterCard i dag, men i går kveld såg det ut som begge var nede. Det kan bety at dei har klart å løyse probleme eller at Anonymous er i ferd med å avslutte sin kampanje for denne gong. Ein 16-åring vart i går arrestert, dette kan jo ha ein dempande faktor.

Me har neppe sett det siste frå denne gruppa, og eg gledar meg til å sjå kva dei finn på i neste fase.

9des/100

Skimming

Her er det installert skimmingsutstyr

Skimming har vore ein del i media for å prøve å vise kva me skal sjå etter for å ikkje bli lurt, men eg trur ikkje det er noko vanlege folk ser etter uansett. Sjølv er eg litt over normalt paranoid. So eg har ein tendens til å sjå litt ekstra etter, men eg har innsett at profft skimmingsutstyr er nesten umogleg å oppdage.

Kom i dag over ein sikkerheitsblogg som har skrive mykje om skimming. Det beste med denne serien innlegg, er at han har klart å skaffe bilete av masse utstyr.

Metodane har sjølvsagt utvikla seg sidan starten. Skimming har vell alltid vore ein risikosport sidan ein må ut å fysisk modifisere minibanken, men ikkje nok med det. Vanlegvis måtte ein hente inn igjen utstyret eit par dagar etterpå. For alle kortdata og PIN-kodar vart lagra i skimmingsutstyret.

I seinare tid har dei implementert GSM-modular. Dette gjer at dei ikkje treng å hente inn igjen utstyret. Etter at nokon har satt inn kortet og tasta koden vert all dataen sendt på SMS til eit valfritt nummer. Batteri er sjølvsagt framleis eit problem. So anten må ein la utstyret stå att utan batteri, ellers må ein ut å bytte batteri etter 2-3 dagar. (Kjem sjølvsagt an på aktivitet).

Om ein reknar 100-200 kort om dagen, og ein investering på 10-20 000,- kan ein fint la utstyret stå igjen.

Baksida av skimmingsutstyr. SIM-kortlesar til høgre.

Sjølv finn eg det heile utruleg interessant, og eg skjønner verkleg kvifor bankane ynskjer å auke sikkerheita ved å innføre chip på alle kort.

Bileta er henta frå: krebsonsecurity.com

3okt/100

iPhone bilholdar

For nokre veker sidan vart eg kontakta av ei dame frå MyTrendyPhone. Ho lurte på om eg var interissert i å teste noko iPhone tilbehør frå dei. Eg fekk då velge mellom 4 forskjellige ting. Sidan eg akkurat hadde kjøpt meg NAVIGON GPS til iPhonen min valde eg ein bilholdar.

Og på laurdag kom det ein liten pakke til meg. Det viste seg at pakken hadde fått ein del juling, so eg var noko skeptisk når eg opna han. Heldigvis hadde han overlevd turen, og dette tyar vertfall på at bilholdaren tåler ein støyt.

Har brukt han litt i helga, og til ein so låg pris, 125 kr, er dette absolutt eit bra kjøp. Bilholdaren har veldig gode justeringsmoglegheiter, og sugekoppen heng godt fast i glase.

Einaste eg har og utsette på denne pakken er 12V kontakten på ladaren. Denne sitt noko laust i min bil, men dette har eg opplevd med mykje anna utstyr og, so det kan berre vere bilen min. Uansett so set han godt nok, og han har ein LED som indikerar om han har straum eller ikkje.

Alt i alt eit godt kjøp til dei som vil nytte sin iPhone som GPS.