WikiLeaks
Det er mange meiningar rundt det WikiLeaks har gjort, og korleis dei har gjort det. Men det som gjorde saken meir interesant for min eigen del var når hacktivist gruppa Anonymous vart involvert.
Dei kom på bana etter at Assange vart arrestert og det som følgde: PayPal valde å stenge kontoen til WikiLeaks, VISA og MasterCard stoppe alle transaksjonar til WikiLeaks og ikkje minst valde den Sveitsiske banken PostFinance og stenge kontoen deira. WikiLeaks hevdar sjølve at dei har tapt 100 000 euro (800 000 kr) i midlar dei siste dagane.
Anonymous som tidlegare har vist at dei har kontroll over store botnet starta no ein kampanje for å hevne seg på dei som gjorde livet vanskeleg for WikiLeaks.
Dei bestemte seg blant anna for å angripe PayPal sin betalingsserver og hovudside, som har vore nede i mange timar. Det utrulege er at PayPal har no bestemt seg for å opne kontoen igjen, sånn at WikiLeaks kan hente ut midlane sine. Dei gir med andre ord etter for trykket. Fantastisk.
Litt spesielt er det at dei og skriv av anngrepa har hatt liten innverknad på bloggen i eit innlegg etterpå. Vil tru dei har tapt nokre millionar, men det er kanskje lite for PayPal.. Anonymous nådde vertfall fram
Eg klarar å nå både VISA og MasterCard i dag, men i går kveld såg det ut som begge var nede. Det kan bety at dei har klart å løyse probleme eller at Anonymous er i ferd med å avslutte sin kampanje for denne gong. Ein 16-åring vart i går arrestert, dette kan jo ha ein dempande faktor.
Me har neppe sett det siste frå denne gruppa, og eg gledar meg til å sjå kva dei finn på i neste fase.
Mobilspionasje: misvisande reportasje frå TV2 Hjelper deg
Trykk på bilete under for å sjå innslaget...
Under innslaget nyttar TV2 ein iPhone sjølvsagt. Dei viser og kor enkelt det er og installere "spionprogram" på denne telefonen, noko som er utruleg misvisande.
På ein vanleg iPhone er det nemleg ikkje mogleg og installere applikasjonar som ikkje er godkjent frå Apple. Apple går faktisk gjøno kjeldekoden til alle applikasjonar som hamnar i App Store.
Telefonen TV2 nytta i innslaget sitt var nemleg modifisert, eller det ein kallar "Jailbreaka". Dette er ein voldsomt enkel prosses ein kan gjere på alle iPhone mobilar, men det er uansett noko ein må gjere for å køyre usignert/ikkje godkjent kode.
Jailbreaking krev at ein nyttar ein PC/Mac til å utføre modifiseringa, ein kan med andre ord ikkje berre springe rundt og avlytte alle med iPhone.
Kan jo legge til at eg vart ein smule skuffa over at det var denne type spionering dei valde å fokusere på. Det har nemleg skjed interesann og ikkje minst stor framgang i knekkinga av krypteringa som GSM nyttar (A5/1). Meir om dette prosjektet kan de lese her.
TV2 skal få litt skryt for at dei tek opp det utruleg viktige tema sikkerheit, men eg likte dårleg måten det vart gjort på.
If forsikring, framleis ubrukleg
Først og fremst har ei gledleg nyheit og kome med. Dersom ein søkjer på "if idioti" på Google.no kjem no bloggen min opp som treff nr. 4, dette må eg sei meg nøgd meg. Håpar sjølvsagt og nå 1. plassen, men fjerde er akseptabelt.
No har If forsikring bekrefta at vårt bekjentskap endeleg er over, men det endte diverre betre for dei enn for meg. Eg fekk rekningen som tidlegare har vore nemnt, men det va vist berre for nokre av forsikringane. Endte derfor med at eg fekk 2 rekningar, og til saman vart det nesten 1 000,-. Eg heldige som dei er har eg ikkje tålmod til og krangle meir med dei. So 0 - 1 til If... idiotar!

